Venstre vil bygge sterke distrikt som kan leie an i omstillinga av norsk økonomi inn i ei berekraftig framtid. Vi må bygge vidare på vår kunnskap om fornybare næringar, teknologiutvikling, hav- og kystnæringar, og hente ut det beste landet har å by på. Då må kunnskap, kompetansemiljø og verdiskaping byggast ut med nærleik til naturressursane – som ein samla nasjonal strategi. Det er summen av kva vi får til i heile Noreg som vil gjere Noreg leiande i innovasjon og utvikling, og som vil vere Noreg si ryggrad inn i framtida.
Venstre vil løfte fram kreativiteten, skaparkrafta og kunnskapen som finnast i distrikta. Styrking av distrikta handlar om ei heilskapleg og brei satsing på nye arbeidsplassar, gode rammevilkår for eksisterande næringar, god tilgang til tenester, utdanning og fysisk og digital infrastruktur. Vi treng trygge og gode forbindelsar på kryss og tvers i Noreg, og ei god fordeling av statlege arbeidsplassar som dannar eit solid grunnlag for å utvikle heilskaplege, varierte bu- og arbeidsmarknader over heile landet.
Vår vidare velferd vert bygt ved å hente fram det beste heile landet har å by på!
Les også: Venstres syv prinsipper for god by- og stedsutvikling
Eit mangfaldig, nyskapande og grønare næringsliv
Det grøne skiftet gir store mulegheiter i distrikts-Noreg. Landbruket er ei av dei viktigaste næringane i distrikts-Noreg og næringa er ein viktig ressurs for at vi skal få til det grøne skiftet. Berekraftig verdiskaping av naturressursane fordrar langsiktig forvaltning over generasjonane og kunnskap og kompetanse om naturens mulegheiter og avgrensingar både på eit overordna plan og for den enkelte eigedom. Venstre stiller krav om kompetanse og er opptekne av at den enkelte grunneigar skal sjå seg tent med å skape verdiar av naturressursane våre.
Det grøne skiftet vil gje store og nye mulegheiter for meir verdiskaping i distrikta. Landbruket må vere ein del av løysinga på klimakrisa og brukast som ein motor i dette grøne skiftet. Vi må utnytte kompetansen og ressursane i næringa til å binde meir CO2 i jord, gras og andre vekster, og vi må nytte landbrukets mulegheiter til å produsere bioenergi og annen berekraftig energi.
Venstre vil satse på biogass og bidra til å flytte verdiskaping frå petroleumsnæringa til norske skogseigedomar. Ved å nytte jordvarme og solenergi har vi også ambisjonar om verdas grønaste veksthusnæring.
Venstre har i mange år løfta fram grøn skipsfart, og dette skal framleis vere prioritert. Den auka etterspurnaden etter elektriske ferjer og hurtigbåtar har resultert i auka verdiskaping og sysselsetting langs heile kyst-Noreg, samstundes som forureinande utslepp er redusert. Venstre har tru på at grøn teknologi er konkurransedyktig, og at det ligg store mulegheiter på vegen til nullutsleppssamfunnet, spesielt i distrikta, der tilgangen på fornybar energi og industrikompetanse er til stades.
Industri- og næringsklynger er viktige utviklingsaktørar i distrikta. Næringslivet vil ha store mulegheiter i det grøne skiftet til å bli bærekraftige i sektorar som fiskeri/oppdrett, bio/landbruk, reiseliv og digitale tenester. Venstre vil føre ein næringspolitikk som fornyar og støttar norske verksemder på vegen mot nullutsleppssamfunnet.
Venstre understreker verdien av å legge til rette for eit mangfaldig og berekraftig næringsliv. Det private næringsliv er ein avgjerande berebjelke i nasjonen si velferdsutvikling. Det er ei statleg oppgåve å sikre gode rammevilkår både til store, mellomstore og mindre verksemder.
Venstre vil vidare arbeide for eit samfunn som legg godt til rette for dei som startar og driv eiga verksemd. Vi verdset innsatsen til dei som satsar, og vil bidra til regelverk som er enkelt å forhalde seg til for mindre verksemder. Dei som driv for seg sjølv, skal også ha tilgang til velferdsordningane i arbeidslivet.
Påliteleg og effektiv fysisk og digital infrastruktur er heilt avgjerande for å utvikle nye arbeidsplassar. Derfor vil Venstre fibre heile Noreg. Det er også viktig å få på plass samanhengande fiberkapasitet gjennom landet. I dag er det mange aktørar som eig fiberkablane og dette skaper fragmenterte og lite samanhengande utbyggingar. I våre naboland har staten finansiert fiberinfrastruktur over store område. Dette meiner Venstre vi også bør gjere i Noreg for å kunne tiltrekke oss store datasenteraktørar med høge krav til fiberkapasitet over lange strekningar.
Vidare må vi satse på å byggje kompetanse. Meir desentraliserte og fleksible utdanningstilbod innanfor høgskule/fagskule, til dømes gjennom å prøve ut lokale campusløysingar i tilknyting til vidaregåande skular og næringslivsklynger utanfor dei etablere studiestadane, vil gjere det muleg med påfyll av kunnskap i kombinasjon med familie og jobb, uavhengig av kvar du bur i landet.Venstre ynskjer å legge fleire høgskulestudier til distrikta, og opne for auka bruk av avskriving av studielån
Ny teknologi og innovasjon kan skape grønare og meir framtidsretta løysingar for folk. Dette er viktig for å redusere norske klimagassutslepp, og for å etablere nye og framtidsretta norske arbeidsplassar. Nye, grøne løysingar har eit stort eksportpotensiale, og kan også bidra til at klimagassutsleppa i verda går ned.
Kreativiteten, innovasjonskrafta og optimismen er stor i distrikta. Det skortar likevel ofte på kapital. Vi må sjå til at offentlege støtteordningar vert innretta slik at dei resulterer i at nye næringar og verksemder vert etablert, herunder styrke ordninga med regionale utviklingsmidlar. Dei kloke hovuda finst over heile landet, og geografi skal ikkje vere avgjerande for om idear vert realisert.
EØS-avtalen er viktig for Noreg som ein liten og open økonomi. Vi er heilt avhengige av å kunne eksportere varene våre med så få hindringar som muleg, og distrikts-Noreg greier seg ikkje utan den tilgangen til marknad og arbeidskraft EØS-avtalen gir. Venstre vil vere ein garantist for EØS-avtalen, og seie nei til eit kvart forsøk på å seie den opp.
Reiselivet har hatt ein fantastisk vekst i store deler av landet dei siste åra, og har med dette inntatt ein markant posisjon som ei nasjonal næring. Dette stadfestar at reiseliv er ei næring for framtida. Verdsskapinga reiselivet utløyser lokalt og regionalt bidrar både til fleire arbeidsplasser og økt busetting.
Venstre er stolte av og vil verne om norsk natur. Vi vil tilretteleggje for at reiseliv skal vere ei berekraftig og veksande næring i Noreg. Rein natur er Noregs fremste kvalitetsstempel, og reiselivet må ta omsyn til dette.
Venstre vil:
- At 95% av alle husholdningar og verksemder skal ha breidbandstilgang på minst 100 Mbit/s i 2020, og alle skal ha tilgang til stabile mobile tenester av god kvalitet der de normalt oppheld seg seinast i 2023
- Styrkje dei norske industri- og næringsklyngene som viktige motorar i distrikta og som norsk omstillingsmotor, bl.a. gjennom ein meir effektiv bruk av digitale løysningar
- At nye statlege arbeidsplassar som hovudregel skal plasserast utanfor Oslo, og sikre heilskapleg oversikt og koordinering av flytting, nedlegging og oppretting av statlege arbeidsplassar. Innan 2021 skal det utarbeidast ein heilskapleg plan for statlege arbeidsplassar i bu- og arbeidsmarknader i heile landet. Det bør også leggast til rette for sektor-overgripande «statens hus» der mindre avdelingar av fleire statlege etatar er lokalisert i distrikts-Noreg
- Leggje til rette for at kommunar som ynskjer det kan innføre turistskatt, såkalla kurtakst
- Redusere mva-satsen på sal av mat slik at restaurantar og bensinstasjonar likestillast
- Auke stønaden til destinasjonsselskap som tek ansvar for berekraftig tilrettelegging og utvikling av destinasjonane
- Auke utanlandsmarkedsføring av Norges natur- og kulturaktiviteter, med fokus også på mindre kjente område, og på lokal mat og kultur
- Innføre pålegg om regionale planar som forpliktar kommunar, fylkeskommunar og staten til berekraftig utvikling av fritidsbustadar
- Støtte utvikling av lokale aktivitetsverksemder knytta til nasjonalparkar og andre naturområde
- Mjukne opp delingsforbodet, slik at det blir enklare å eige og drifte jord
- Innføre miljøavgift på soya til kraftfôrproduksjon
- Opprette ei tilskotsordning for ny teknologi i landbruket innanfor dagens støtteordningar
- Leggje til rette for eit regelverk som er enkelt å forhalde seg til for mindre verksemder
- Dei som driv for seg sjølv skal også ha tilgang til velferdsordningane i arbeidslivet
- Sikre nok tilgang av elektrisk kraft slik at alle delar kan få nok tilførsle av fornybar energi for etablering av ny næringsverksemd og for bruk i transportsektoren
- Ha ein nasjonal plan for by- og tettstadsutvikling. Staten skal vere ein tydelegare premissleverandør og støttespelar overfor lokalpolitikarar i møte med eksterne samarbeidspartar (statlege eller private)
Trygg, effektiv og miljøvennleg transport
Å kunne reise trygt, effektivt og miljøvennleg skal vere muleg i heile landet.
Vegnettet er i store delar av landet vårt hovudpulsåra for transporten. Venstre vil først prioritere å rulle ut gule midtstriper på alle Europavegar som i dag ikkje har det, sikre mot ras og flaum, og auke vedlikehaldet av bruer. Trafikksikre vegar er avgjerande for at folk og næringstransport kan komme fram!
Framtida er elektrisk! Venstre er pådrivar for elektrifisering av transportsektoren. Meir miljøvennlege fartøy, både på veg og til havs er avgjerande for å redusere utsleppa frå den største bidragsytaren til Noregs ikkje-kvotepliktige utslepp. Venstre vil oppretthalde sterke insitament som fremmer el- og nullutsleppsfartøy og sikre infrastruktur for elektrifisering. Heile landet skal ha tilgang på rask og effektiv ladestruktur, både langs vegane, i bygdene og i hamnene. Det må planleggast infrastruktur for energiforsyning, både frå elektrisitet og hydrogen.
I mange distrikt er fly eit naudsynt transportmiddel både for næringsliv og privatpersonar. Venstre er pådrivar for kortbanenettet om nokre år kan driftast med elektriske fly. I tillegg vil Venstre at avgiftsnivået for småfly skal reduserast, for å sikre eit godt tilbod for distrikta.
Venstre ynskjer óg å binde saman med høgfartsbaner mellom dei store byane. Moderne høgfartsbaner vil kunne gje eit betre og meir konkurransedyktig alternativ til store delar av dagens fly-, bil- og godstrafikk. Dei vil redusere reisetider så kraftig at avstandsulemper nærast blir oppheva, styrke norsk konkurranseevne, byggje landet og gje sterkare regionar med større bu-, arbeids- og kompetanseområde. Moderne baner utviklar heile strekningane, ikkje berre endepunkta slik som med flytransport.
Venstre vil ha eit moderne og effektivt kollektivtilbod i bygdene våre. Nyvinningar innan teknologi og ny kunnskap gjennom datainnsamling og reisevaneundersøkingar, må utnyttast betre for å gjere kollektivtrafikken meir attraktiv og kostnadseffektiv. Kollektivselskapa må utvikle nye tenester som i enda større grad møter behovet til kundane.
Venstre vil redusere mengda tungtransport på vegane. Meir gods må over på sjøtransport og jernbane. Utbygging, vedlikehald og forbetring av jernbanen må prioriterast, for å sikre at jernbanen er konkurransedyktig både for gods- og persontrafikk i heile landet. Venstre vil ha fleire vekslingsspor, lastepunkt for jernbane ved hamner og opprusting av norske hamner.
Venstre vil:
- Bygge vegstandard til gule midtstripe på alle Europavegar som i dag ikkje har det, før utbygging av nye 4-felts motorvegar
- Elektrifisere Noreg. Oppretthalde fordelar for nullutsleppskøyretøy, utvikle nye insentiv for meri miljøvenleg tungtransport og sikre god tilgang til ladestasjonar og fyllestasjonar for hydrogen og biogass i heile landet i tråd med målsettinga om at alle nye bilar skal vere nullutsleppskøyretøy i 2025
- Elektrifisere skipsfarten. Styrke grønt kystfartsprogram, og følgje opp satsinga på grøn skipsfart mot alle fartøykategoriar med verkemiddel og tiltak
- Elektrifisere kortbanenettet innan 2040
- At heile landet skal ha tilgang til rask og effektiv ladestruktur, både langs vegane, i bygdene og i hamnene, både for el-lading og hydrogenfylling
- Modernisere og styrkje kollektivtilbodet i distrikta
- Redusere tungtransporten på vegane, og få meir gods over på sjøtransport og jernbane
- Sikre at fylka blir raskare i stand til å handtere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegnettet
- Ha konkurransedyktige høgfartsbaner mellom Oslo og landsdelane med dei større byane i Noreg, og til Stockholm, Göteborg og København
- Starte planlegginga av fjernstrekningane frå Oslo til Bergen, Trondheim og Stavanger, med sikte på å byggje høgfartsliner for lyntog
- Ha som langsiktig mål å byggje meir jernbane i Nord-Noreg
- Sikre gode rammevilkår for ferjeavløysingprosjekt
Berekraftige og levande lokalsamfunn
Noreg treng sterke bu- og arbeidsmarknader i distrikta, og gode lokalsamfunn der folk trivst. Berebjelken skal vere eit sterkt, grønt og framtidsretta næringsliv. Venstre vil bygge vidare på dei sterke næringane! Samstundes er det naudsynt å sikre og tilføre statlege arbeidsplassar i distrikta.
Levande bygder bygg på lokalt samhald og lokal identitet. Venstre vil sikre gode kår for frivilleg arbeid, og skape gode møteplassar med rom for aktivitet og kulturtilbod. Offentleg stønad til kultur gir meirverdi, og medfører ofte lokal verdiskaping. Venstre vil sikre gode leve- og oppvekstvilkår i heile Noreg, herunder eit barnevern med adekvat kompetanse og tilstrekkeleg kapasitet. Det må vere god tilgang til vidaregåande og høgare utdanning. Desentraliserte utdanningstilbod er viktige for både ungdom, for vaksne som treng etter- og vidareutdanning, og for å sikre distrikta viktig kompetanse. Det er óg eit overordna mål for distriktpolitikken at det skal vere eit attraktivt alternativ for ungdom og unge vaksne å flytte til bygda for å etablere seg der etter fullført utdanning.
Venstre meiner vi får betre demokrati gjennom å flytte makt og oppgåver frå stat til region og kommune. Vi ynskjer å flytte politisk makt nærare lokalsamfunn og borgarar. Slik får vi sterke regionar med stor sjølvstende. Vi vil ha sterke og levande bu- og arbeidsmarknadsregionar, med sterke sentra, eit variert arbeidstilbod, attraktivt teneste- og sørvistilbod og gode forbindelsar. Offentlege innkjøp må brukast aktivt for å skape lokale arbeidsplassar der lokal kompetanse og ressursar nyttast.
Norske kommunar er ulike. I regionar med mange små kommunar – og god infrastruktur – er føresetnadane for å slå saman kommunar gode. I andre område er avstandane store og samanslåing lite tenleg. Staten må ta noko omsyn til dette i arbeidet med standardar for kvalitet, dekningsgrad og kompetanse. Det trengs fleksible ordningar og gode digitale løysingar. Kommunane må finne tenlege samarbeidsformer for å sikre nok kompetanse.
Fleire større kommuneeiningar må framleis vere eit mål for Noreg. Venstre meiner det er svært viktig at Staten framleis stiller insentivmidlar og andre verkemiddel til rådes for kommunar som slår seg saman med nabokommunar.
Lokalsamfunn skal ha levande sentrum, der mange har korte avstandar og tilgang til gode kommunale og private tenester og tilbod. Vi vil ha liv i handlegatene våre, og knyte områder saman med gode sykkelvegar og eit moderne og attraktivt kollektivtilbod. Utviklinga av distrikts-Noreg skal funderast på ei heilskapleg areal- og samfunnsplanlegging, der sentrumsområda i bygdene tar hovudvekta av busetnaden. Dette sikrar jordvern og effektiv transport, og er viktig for å verne naturområde.
Mange distriktskommunar er prega av ei eldre befolkning. Kommunane må ha god nok økonomi til at dei kan gi gode tenester til eldre og andre som treng det. Stikkord er rehabilitering, slik at fleire kan vere i stand til å klare seg sjølv og bu heime lenger. Det skjer mykje positivt utviklingsarbeid i kommunane for å tilpasse tenestene til oppgåvene. Dette arbeidet må oppmuntrast.
Folk i distrikts-Noreg må ha tilgang til trygge helsetenester. Spesialisthelsetenestene bør desentraliserast slik at dei er tilgjengelege i nærmiljøa, så langt det er muleg og tenleg. Meir bruk av helseteknologi gjer det lettare å desentralisere, mellom anna ved å satse på medisinsk avstandsoppfølging, telemedisin, andre samhandlingløysingar og behandling heime hos pasientane. Eksempel på dette er heimedialyse.
Venstre vil:
- Bygge vidare på dei sterke næringane i distrikta, og vidareutvikle sterke bu- og arbeidsmarknader. Dette betyr ei heilskapleg satsing på nye arbeidsplassar, god tilgang til tenester, utdanning og infrastruktur, både fysisk og digital
- Løfte fram kreativiteten, skaparkrafta og kunnskapen som finnast i distrikta. Gjennom styrking av verkemiddelapparatet vil Venstre sørgje for at gode idear blir realisert og nye arbeidsplassar skapt
- At offentlege innkjøp vert brukt aktivt til å skape lokale arbeidsplassar der lokal kompetanse og ressursar vert utnytta
- Utvikle lokalsamfunn på basis av heilskapleg areal- og samfunnsplanlegging som gir grobotn for levande sentrumsområde, reduserer behovet for transport og vernar vår verdifulle natur
- Styrke frivilleg arbeid og skape gode møteplassar i bygdene som gir rom for aktivitet og kulturtilbod
- Bygge opp under lokal identitet og lokalt samhald, og flytte makt og oppgåver frå stat til region og kommune.
- Vidareføre ein sterk kommuneøkonomi slik at alle får tilgang til gode kommunale tenester
- Sørge for nærleik til barnehage, skule, eldreomsorg og helsetenester
- Ta i bruk nye digitale løysingar i helsetenestene. Det trengs særskilt finansiering for å få dette betre i gang.
- Styrke det desentraliserte utdanningstilbodet, spesielt innan høgskulestudie retta mot profesjonar som lærar, sjukepleiar, barnehagelærar, ingeniør og økonom, slik at det er mogeleg å bu heime under studia og kompetanse og kvalitet blir oppretthaldt i kommunane.
- Utreia kva for nokre skattar og avgifter som kan verta flytta ned på region- og kommunenivå
- Sikre matproduksjon over heile landet