På nominasjonsmøte i februar vedtok Tysvær Venstre den nye vallista. – Tysvær Venstre får ein ung og engasjert førstekandidat som har mykje pågangsmot, og enda meir fokus på dei unge veljarane i Tysvær. Partiet får ein ny giv. Me som sit i styret og er mest aktive, har verkeleg tru på dette, seier noverande gruppeleiar, Torunn Vestbø Gjerde om valet. Pauline er busett på Grinde og går på Ølen vidaregåande skule.
Lista i sin heilhet er:
- Pauline Vik Vestly, 2000
- Yngve Askeland, 1974
- Torunn Vestbø Gjerde, 1970
- Narve Susort, 1958
- Ingvild Vihovde Haug, 1981
- Trond Angeltveit, 1981
- Jorunn Karin Bredal, 1980
- Kjell Rune Hellesund, 1965
- Nina Riise, 1976
- Trygve Egge, 1971
- Elisabeth Ness, 1959
- Gunnar Egge, 1946
- Anny Silden Kallekodt, 1952
- Vidar Aarhus, 1946