Jack Blindheim (leiar i Ålesund Venstre), Kari Grindvik (ordførarkandidat), Håvard Urkedal og Kristian Stråmyr (begge dei to siste er òg medlemmar i fylkesstyret).
I tillegg er sunnmøringane Britt Giske Andersen (2.kandidat til fylkestinget), Lena Landsverk Sande (ordførar Vanylven) og Charlotte Hauge med i delegasjonen.
På agendaen står prinsipp-program og lokalsamfunn for framtida. Vårt fokus vil vere at vi treng møteplassar for å utvikle lokaldemokratiet. Vi må gjennom regionreforma skape kompetansearbeidsplassar slik at vi har noko å tilby ungdomane som vil flytte til vår region. Fiskeri, havbruk og grøn næringsvekst er framtida. Det er viktig å ikkje skape motsetningar mellom by og land- vi er avhengig av kvarandre for å skape gode lokalsamfunn for framtida.
Vi skal lose uttalen frå Møre og Romsdal om gratis tannbehandling for fleire, fram til vedtak.
I tillegg vonar vi på gjennomslag for meir brukarstyrt BPA og nei til digital masseovervaking.
Det er ein engasjert og ivrig delegasjon som er klar til innsats på Venstres Landsmøte i Stjørdal til helga.