Sogndal må stille opp for Vitensenteret

Illustrasjonsbilde
Sogndal Venstre meiner Vitensenteret kan bli eit viktig tilskot for realfagsundervisninga i skuleverket og til framtidig nyskaping, rekruttering og næringsutvikling i regionen., Illustrasjon: Kaupus

Brikkene er i ferd med å falle på plass for å få realisert Vitensenteret i Sogn og Fjordane. Næringslivet med Hydro i spissen støttar opp om prosjektet, og prosjektleiaren er godt i gang med å sikre drift og aktivitet. Opning er planlagt til skulestart 2020.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Utfordringa no er å skaffe nok midlar til utvikling av innhald og installasjonar til opninga. Dette er kostnadsrekna til minimum ti millionar kroner. Vitensenteret har søkt Sogndal kommune om tre millionar. Saman med tilskot frå andre aktørar som tildels alt har gitt tilsagn, kan eit slikt bidrag frå vertskommunen vere avgjerande for at Vitensenteret blir realisert.

I samband med budsjetthandsaminga i Sogndal vart søknaden sendt vidare til Sogn Regionråd. Regionrådet stiller seg positivt, men ikkje utan at ein er trygg på at driftsøkonomien blir sikra gjennom bruksavtalar med dei nærmaste kommunane. Utfordringa går dermed tilbake til kommunane og Vitensenteret.

Det er prisverdig av regionrådet å ta imot ballen frå Sogndal, men dei sender den på sett og vis tilbake. Her står ein i fare for at saka endar opp som ein kasteball mellom ulike politiske nivå.

Sogndal Venstre meiner det er på tide at søknaden frå Vitensenteret får den handsaminga saka fortener. Nettopp i denne situasjonen, og på dei same vilkåra som regionrådet stiller opp, er det viktig at vertskommunen Sogndal no gir eit klart signal om at ein vil bidra til finanseringa.

Dette er viktig både overfor dei andre stiftarane bak Vitensenteret, Høgskulen på Vestlandet, næringslivet og kommunane i regionen som har underteikna eller vurderer å inngå avtalar om å nytte senteret i realfagsundervisninga i grunnskulen.

Sogndal Venstre meiner Vitensenteret kan bli eit viktig tilskot for realfagsundervisninga i skuleverket og til framtidig nyskaping, rekruttering og næringsutvikling i regionen.

Vitensenterprogrammet i Forskingsrådet omfattar i dag ti regionale vitensenter rundt om i landet, men ingen i Sogn og Fjordane. Målgrupper er barnehagar, skulane og ålmenta med familiar og andre som ønskjer å besøke eit vitensenter i fritida.

Ordninga er delfinansiert over statsbudsjettet, og senteret på Kaupanger er alt nemnt i komitémerknadane frå Stortinget for gjeldande statsbudsjett fordi dei ser verdien av «å dekke hele landet på en god måte».

Det er særleg viktig i denne fasen at Sogndal viser eit tydeleg engasjement for Vitensenteret. Korleis kan vi vente at regjeringa skal prioritere eit vitensenter i Sogn og Fjordane inn på statsbudsjettet dersom vertskommunen sjølv ikkje vil strekkje seg for å få realisert planane?

Konseptet som er utvikla saman med Høgskulen på Vestlandet, kommunane i regionen, lokalt næringsliv, Innovasjon Norge, Hydro og andre aktørar er godt. Marknadsanalysane, budsjett og forretningsplanar framstår som nøkterne.

Fylkeskommunen har gjort vedtak om at dei skal sette opp bygget som skal bli sambrukt med den vidaregåande skulen. Sogndal Venstre vil difor arbeide for at saka på nytt kjem på bordet til dei folkevalde.

(Dette innlegget vart først publisert i Sogn Avis og Porten.no i februar 2019)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**