Årsmøte i Luster Venstre

Jon Ove Lomheim, Fotograf Vidar Helle

Jon Ove Lomheim vart attvalt som leiar under årsmøtet til Luster Venstre. Tordis Skjerdal Rauboti vart attvalt som styremedlem og Steinar Bruheim held fram som nestleiar og kasserar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Varaordførar i Leikanger kommune Trude Risnes var gjest frå fylkeslaget. Ho orienterte om arbeidet i nye Vestland Venstre og det distrikspolitiske utvalet oppretta av Venstre sentralt. For Venstre er arbeidsplassar over heile landet ei prioritert sak i tillegg til klimaspørsmåla og ei vidare satsing på skule. Alle born skal ha same mulegheit for å lukkast i livet.

 

Med KrF i regjering reknar Venstre med større gjennomslag for Venstre sine viktigaste saker, men for lokallaget er det utfordrande med kompromiss med dei andre regjeringspartia sine prioriteringar. Det er naturleg også ei belastning for eit lite parti å få meir gjennomslag enn det storleiken på partiet tilseier. For folkevalde og medlemar på grunnplanet er det såleis utfordrande å vera medansvarleg og samtidig forsvara enkeltsaker lokalpartiet ikkje er samd i.

 

Liberal politikk betyr å arbeida for mangfald i samfunnet. Mellom menneske skal det vera toleranse og respekt. Omsynet til den enkelte og framtida bestemmer våre prioriteringar.

Lokalpartiet sine arbeidsmål er å markere det sosial-liberale alternativet ved å satse på Grøn vekst, ta vare på den fantastiske naturen og vera på lag med framtida ved ei aktiv satsing på førebygging og setja dei unge først!

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**