Venstreskulen trinn 2 arrangerast 29.-30. mars 2019

Valgkampen i 2013-valget i Rogaland., Rogaland Venstre

Venstreskulen trinn 2 arrangerast i Stavanger, fredag 29. mars til laurdag 30. mars. Siste frist for å melda seg på er 15. mars 2019.

Arrangementet startar kl. 17:30 fredag 29 mars, og er ferdig ca. 16:00 laurdag 30 mars.

Venstreskulen trinn 2 er eit kurs for medlem som har hatt trinn 1 og gjer deg ei breiare innføring i Venstres politikk, organisasjon, historie og ideologi, samt praktisk politisk arbeidd. No i valåret vil det vera litt ekstra fokus på valkampaktivitetar.

Påmeldingsfristen er 15 mars 2019 og påmelding skjer via denne lenka.

Me har med oss fleire innleiarar, og endeleg program vil bli ettersendt til alle påmeldte.

Alle lokallag i Rogaland har høve til å senda deltakarar på skuleringsopplegget, men med ei maksgrense på antal viss interessa er stor. Arrangementet er gratis for alle betalande medlem i Rogaland Venstre.

Overnatting dekkast for dei som treng det. Påmelding er bindande og påmeldte som ikkje møter vil bli fakturert for ikkje brukt overnatting. Strand Venstre betalar reisekostnadar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**