Ragnhild Helseth vald som ny fylkesleiar

F.v. Arild T. Antonsen (1. vara), Tove Norøm Rokstad (2. nestleiar), Håvard Urkedal (1. nestleiar), Ragnhild Helseth (fylkesleiar) Kristian Stråmyr (sekretær) og Rita Rognskog (kasserar), Møre og Romsdal Venstre

Ragnhild Helset tek over som fylkesleiar etter fylkesårsmøtet i Ålesund førre helg. Helseth er varaordførar i Kristiansund og har vore fylkesleiar i perioden 2013-2016.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

Ragnhild Helseth

Håvard Urkedal frå Haram/Ålesund vart 1. nestleiar, han har vore med i fylkesstyret tidlegare som leiar av Møre og Romsdal Unge Venstre.

Med seg i styret har dei 2. nestleiar Tove Norøm Rokstad frå Smøla, kasserar Rita Rognskog frå Aukra, sekretær Kristian Stråmyr frå Haram/Ålesund og 1. vara Arild T. Antonsen frå Ålesund.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**