Statsekretær Atle Hamar og stortingsrepresentant André N. Skjelstad innleia den politiske debatten. Hamar tok opp Venstres sosiale profil i regjeringa, satsing på marinforsøpling, den positive utviklinga i distrikta og gode Venstregjennomslag i Granavollen-plattformen.
Skjelstad tok mellom anna opp å justere innretninga på havbruksfondet og Venstres demokratiseringsprosjekt med å flytte makt ut til folk. -Vi må også styrke regionsentera for å vinne kampen om ungdommen, sa Skjelstad.
I debatten framheva Pål Farstad, toppkandidat til fylkestinget, kor viktig det er å sikre at verdiskapinga vert fordelt lokalt, både frå havbruk og anna. Farstad synte også til Venstres store gjennomslag for grøn skipsfart.
Lokalsamfunn for framtida
Dette er namnet på distriktsuttalen som skal behandlast på Venstres landsmøte. Uttalen blei presentert av Atle Hamar som har leia Venstres distriktsutval og Pål Farstad som var medlem. Den går ut på å løfte fram kreativiteten, skaparkrafta og kunnskapen som finnast i distrikta, og styrke bygdene og lokalsentra. Det er skissert tiltak som at 95% av alle hushald og bedrifter skal ha breibandstilgang på 352 minst 100 Mbit/s i 2020, bygge vegstandard til gule midtstripe på alle Europavegar, elektrifisere skipsfart og styrke det desentraliserte utdanningsnivået.
Resolusjonar
Heile tretten resolusjonar var meldt inn der seks av dei vann fram og vart vedtatt. Innhaldet i resolusjonane famna breitt og stekk seg frå Smøla-gulerota i nord til Stad skipstunel i sør. Eit internasjonalt perspektiv vart det også med resolusjonen om EØS-avtalen som har hatt stor positiv betydning for norsk økonomi og næringsliv! På helse vil vi ha offentleg finansiert tannhelseteneste i heile livsløpet, og sikre rehabiliteringstilbodet på Mork og Aure. Sist men ikkje minst vil vi at drosjene sitt samfunnsoppdrag må vidareførast.
• EØS-avtalen må beholdes for næringslivet i Møre og Romsdal
• Drosjene sitt samfunnsoppdrag må videreføres
• Møre og Romsdal Venstre vil ha offentlig finansiert tannhelsetjeneste i hele livsløpet
• Rehabiliteringstilbodet i Møre og Romsdal må sikrast
• Stad Skipstunnel byggestart 2021
• Møre og Romsdal Venstre slår ring om Smøla-gulrota
Valprogram
Valprogrammet for 2019-2023 vart også vedtatt på møtet. Dette har avtroppande nestleiar Toivo Brennløkken og programnemnda stått i spissen for. Dei har arbeidd fram to utkast og behandla fleire innspel frå medlemmar og interesseorganisasjonar. Programmet tek mellom anna utgangspunkt i FNs berekraftsmål, og har hausta gode tilbakemeldingar bl.a. for næringsprofilen.
Ny fylkesleiar og nestleiar
Ragnhild Helset blei vald som fylkesleiar, ho er varaordførar i Kristiansund og har vore fylkesleiar i perioden 2013-2016.
Håvard Urkedal frå Haram/Ålesund vart 1. nestleiar, han har vore med i fylkesstyret tidlegare som leiar av Møre og Romsdal Unge Venstre.
Med seg i styret har dei 2. nestleiar Tove Norøm Rokstad frå Smøla, kasserar Rita Rognskog frå Aukra, sekretær Kristian Stråmyr frå Haram/Ålesund og 1. vara Arild T. Antonsen frå Ålesund.