Pasienten held seg til den behandling og dei tenester han eller ho har behov for, uavhengig av kva forvaltningsnivå som har ansvaret.
Rehabiliteringstilbodet for pasientar busett i Møre og Romsdal skal bli ivaretatt innanfor eit heilskapleg tilbod med både spesialisert rehabilitering og kommunale tenester. Mork rehabiliteringssenter og Aure rehabiliteringssenter er viktig i dette totalbildet og kan ikkje leggast ned utan at ein har tatt stilling til pasientens helseteneste. Det må være i tråd med Forskrift habilitering og rehabilitering og Opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering 2017-2019.
Å legge ned velfungerande tenester og kompetansemiljø er ikkje rett medisin for å sikre rehabiliteringstilbodet i Møre og Romsdal.
Møre og Romsdal Venstre kan heller ikkje lenger godta underfinansiering av våre tenester, og forventa at styret i Helse Møre og Romsdal reverserer prosessen, og krev at Helse Midt vurderer skeivfordelinga som vedtatt finansieringsmodell (Magnussen-mod.) har for Møre og Romsdal.