Dei største utfordringane våre er knytt til folketal og demografisk utvikling. Derfor er dette hovudfokus for Bremanger Venstre sin politikk. Venstre meiner det trengs solid politisk styring for å snu utviklinga. Vi må ta grep om framtidsutviklinga til bygdene våre og vere ei tydeleg stemme der politikk vert utforma og vedtak fatta!
Framtidsretta reguleringsplanar, samferdsle, infrastruktur og satsing på born og unge er viktige stikkord for auka næringsverksemd, turisme og busetnad. Samstundes skal vi ha gode tilbod for eldre, sjuke og pleietrengande.
Dette er innleiinga i Bremanger Venstre sitt program til kommunevalet i haust.
– Vi ønskjer levande bygder med fleire småbornsfamiliar. Skal vi få det til må vi legge forholda betre til rette både for næringsverksemd og busetnad, seier førstekandidat Svein Olav Senneset.
Fokus på Kystvegen
– Vi må gjere alt vi kan for å sikre oppstart på strekninga Svelgen-Indrehus i 2020, slik fylkestingen har bestemt, og jobbe for snarleg realisering av dei neste byggjestega. Brua over ytre Nordfjord vil skape enorme moglegheiter og positive ringverknader for heile regionen.
På strekninga sørover frå Svelgen er det ingen tvil om at veg over Terøya er den mest framtidsretta og beste løysinga både for Bremanger og naboane våre i nord og sør.
Bremanger Venstre vil også starte planarbeid for heving av vegstandarden mellom bygdene og kystvegen.
Miljøvennleg symjeanlegg
Bremanger Venstre vil greie ut moglegheitene for å byggje eit regionalt, miljøvenleg symjeanlegg med 25 meters lengde og terapibasseng ved Svelgen Oppvekst.
– Ingen stad ligg vel tilhøva betre til rette for dette enn i Svelgen, der det er tilgang på spillvarme frå smelteverket.
Garantist for helsesenter og helsestasjonar
I programmet står det vidare at Bremanger Venstre garanterer at det også i framtida skal vere to helsesenter i kommunen, eitt i Svelgen og eitt på Hauge.
– Begge skal ha eit fullverdig tilbod til innbyggjarane. Vi tok kampen om helsestasjonen på Hauge, og vi er ikkje redde for å ta ein kamp til, om nokon skulle finne på å ville rasere dette tilbodet, seier Svein Olav Senneset.