Bremanger Venstre si liste til kommunevalet 2019 finn du her
Venstre slepp til ungdomen
Blant fleire nye namn på lista finn vi ungdomskandidatane Torine Bortne og Henrik Holmøy.
Begge fyller 18 år i løpet av 2019 og går på vidaregåande skule på Sandane, der dei i fjor vår var med på skipinga av Gloppen Unge Venstre.
Vi er veldig glade for å ha fått med to tenåringar på lista vår. Vi håpar Torine og Henrik kan hjelpe oss med å sanke mange stemmer frå unge veljarar.