Venstre skapar nye arbeidsplassar

Foto: Jostein Vedvik

Arbeidsplassar er viktig både for kvar enkelt av oss og for samfunnet som heilskap. Venstre er stolte av gjennomslaga vi har fått for å bidra til å skape nye arbeidsplassar over heile landet. Vi treng eit arbeidsliv der alle har høve til å delta med sine evner, uansett funksjonsevne og bakgrunn, og der kunnskap, innovasjon og ansvar for fellesskapet står sentralt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Næringslivet må gjennom ei stor omstilling for å nå opp i ein internasjonal konkurranse og for å redusere utsleppa våre. Framtidas arbeidsliv må vere smart, grønt og inkluderande. I 2018 vart det skapt 56 000 nye jobbar. Sysselsettinga har auka med 70.000 personer dei siste to åra. Arbeidsløysa går ned, talet læringsplassar auker, og færre går på tiltak frå NAV. Det er bra, men Venstre meiner vi treng ein stadig sterkare satsing, særleg på dei bedriftene som bidreg med innovasjon og nyskaping.

 

Venstre har jobba i mange år for å gje de som vil starte ei ny bedrift betre sosiale rettar. I regjeringsplattforma har vi fått gjennomslag for at sjukepengeordning for sjølvstendig næringsdrivande skal styrkast, slik at den blir meir rettferdig og tek bort noko av risikoen ved å starte for seg sjølv. Fordi Noreg treng de kloke hovuda som er villige til å satse på noko heilt nytt.

 

Med Venstre i regjering har vi no ei regjering utarbeide ein eigen strategi for små og mellomstore bedrifter. Det inneber både bedre moglegheiter til å skaffe oppstartskapital, for eksempel gjennom folkefinansiering. Vi har også fått gjennomslag for ei kraftig styrking av klimafondet Nysnø, som gjennom investeringar skal bidra til å redusere klimagassutslipp og akselerere det grønne skiftet. Vestland fylke har naturgjevne føresetnader for å ta ei leiande rolle i det grøne skiftet og vi har eit næringsliv som allereie har kome langt i å ta den posisjonen. Regjeringa sin strategi nasjonalt og med Vestland Venstre sin politikk regionalt, så gjere vi næringslivet på Vestlandet endå betre i stand til å skape framtida arbeidsplassar i vår region, i ei internasjonal konkurranse.

 

Venstre vil skape nye arbeidsplassar over heile landet fordi vi er på lag med framtida

 

Gunhild Berge Stang

Fylkesordførarkandidat for Vestland Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**