Klart for fylkesårsmøte i Ålesund

Fylkesårsmøte 2018, Kristian Stråmyr

Nærare 70 deltakarar frå heile Møre og Romsdal samlast til Venstres fylkesårsmøte på Quality Hotel Ålesund denne helga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

Denne helga har vi sett fram til lenge, seier fylkesleiar Britt Giske Andersen. Vi gler oss over stort oppmøte, stort engasjement og ikkje minst, eit fylkeslag som no rustar seg for lokal og fylkesvalkamp. Årsmeldinga viser til eit aktivt 2018, der medlemstalet er i ferd med å snu seg i ei positiv retning og kjensla i laget etter eit dårleg stortingsval er i ferd med å bli historie.

Årsmøtet skal behandle mykje god politikk for Møre og Romsdal. Valprogrammet for 2019-2023 skal vedtakast på møtet. Dette har nestleiar Toivo Brennløkken og programnemnda stått i spissen for. Dei har arbeidd fram to utkast og behandla fleire innspel frå medlemmar og interesseorganisasjonar. Programmet tek mellom anna utgangspunkt i FNs berekraftsmål, og har hausta gode tilbakemeldingar bl.a. for næringsprofilen.

Det har kome inn ni resolusjonar innan fristen, og det er venta at det kan kome til nokre fleire. Desse går mellom anna på satsing på hydrogen, Stad skipstunell og myrdyrking.

Venstres distriktsutval som Pål Farstad er medlem av, har utarbeida ein uttale til landsmøtet. Uttalen kjem med tiltak som betre breiband til hushaldingar og bedrifter, elektrifisere skipsfart og styrke det desentraliserte utdanningsnivået.

Nasjonale gjester vert det også. Atle Hamar som har leia distriktsutvalet og er statssekretær i miljødepartementet gjestar møtet saman med stortingsrepresentant André N. Skjelstad frå næringskomiteen.

Som sagt, dette blir ei helg på lag med framtida og på lag med Venstre!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**