Styret var samansett slik i 2018;
Ingunn Eiken, leiar
Sølvi Ann Solheim Løkkebø, nestleiar
Arne Strand, kasserar
Lesley Wilson, styremedlem
Arne Osland, styremedlem
Tarjei Nitter, 1. vara
Ragnhild Follevåg, 2. vara
Revisorar Bjørn Norddal og Røy Sævik
Valnemnd Ørjar Eiken (leiar), Gunhild Berge Stang
Medlemstal
Pr. 31.12.2017 hadde Fjaler Venstre 21 medlemmer. Ved inngangen av 2017 var medlemstalet 25. Fem medlemmar har meldt seg ut av partiet, eit medlem har meldt seg inn.
Aktivitet
Det er halde årsmøte, medlemsmøte, gruppemøte og utvida gruppemøte.
- Årsmøte 14.01 på Pecom sine kontorlokal i Flekke.
- Fylkesårsmøtet i Florø 11. og 12.02. Christoffer og Ingunn deltok.
- LNP i juni i Bergen. Gunhild deltok.
- Medlemsmøte 22.04, 18.06, 17.09 og 09.12
- Felles nominasjonsmøte for Sogn og Fjordane Venstre og Hordaland Venstre i Førde 10. og 11. november. Gunhild, Arne O og Ingunn var utsendingar.
- Elles er det halde møte i forkant av formannskap/kommunestyremøte. Arne er gruppeleiar og Gunhild og Richard deltek på desse møta som representant i kommunestyret.
Det har vore jamn aktivitet i Fjaler Venstre siste året.
Venstre er ordførarpartiet i Fjaler. I tillegg til å vere ordførar, var Gunhild Berge Stang leiar for Sogn og Fjordane Venstre fram til ho valde å gå av på fylkesårmøtet i februar. Ho er representant i fylkestinget og fylkesutvalet. Ho vart vald som 1. kandidat på Vestland Venstre si fylkesvalliste og vert Venstre sin fylkesordførarkandidat.
Gunhild, Richard Skår og Arne Osland, utgjer dei tre mandata i kommunestyregruppa til
Fjaler Venstre som i samarbeid med Arbeidarpartiet og Høgre har «posisjonen» i
kommunestyret.
Varalista tilkommunestyret ser slik ut: 1. Laila Svorstøl, 2. Sølvi Ann Solheim Løkkebø 4.
Ellen Høiseth Eiken, 5. Christoffer Stølen, 6. Yngve Åsnes. Sistnemnde har meldt flytting ut
av kommunen og har søkt fritak frå alle politiske verv i Fjaler.
Gunhild har «ordførarkontor i butikk» og har møtt innbyggarar på Hellevik, Korssund, Flekke, Guddal, i tillegg til Dale. Det er von om at Gunhild vil sikre Venstre både stemmer og medlemmar med dette tiltaket.
Fjaler Venstre kan vise til ei nøktern økonomisk styring av laget.
Fjaler Venstre har ei godt samansett kommunestyregruppe med Gunhild i spissen, som utviser god dømmekraft i politiske saker og fylgjer opp valløfta om nøktern økonomisk styring.
Fylkessekretær Linda Ness Rotihaug har «stålkontroll» på alle tidsfristar og gjeremål. Ho har vore ein god støttespelar for lokallaget gjennom heile året.
For styret i Fjaler Venstre
Ingunn Eiken – leiar