KAF er kult

Venstre vil gjøre det enklere å ta grønne valg. Gruppeleder Tove Hofstad oppfordrer liunger til å komme med innspill til gode klimatiltak og bidra til det grønne skiftet., Illustrasjon: Samfunnslaboratoriet

FNs klimapanel la i haust fram ein rapport som viser at dei globale klimagassutsleppa må halverast innan 2030 om vi skal ha sjans til å nå 1,5-gradersmålet frå Paris-avtalen. Vestland Venstre meiner at Noreg ikkje tar eit stort nok ansvar i klimakampen, og Noreg difor må gjennomføre radikale grep for å få ned utsleppa våre. I denne samanhengen bør karbonskatt til fordeling (KAF) utgreiast og testast ut. KAF er eit tiltak som potensielt kan bidra til store utsleppsreduksjonar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

KAF går kort forklart ut på at staten krev inn ei karbonavgift på all produksjon og import av fossilt brensel til innanlandsmarknaden. Denne avgifta skal stige med eit gitt beløp kvart år heilt til alt fossilt brensel er fasa ut av den norske økonomien.

Til forskjell frå dagens CO2-avgift skal ikkje inntektene gå rett til statskassa. Pengane skal i staden delast direkte ut til innbyggjarane gjennom kontantutbetalingar.

KAF er både omfordelande og liberalt. Omfordelande i den forstand at dei som har eit lite fossilt avtrykk vil komme bedre ut økonomisk enn i dag, fordi utbetalingane skal vere like store til kvar innbyggjar. Og liberalt i den forstand at KAF reduserer bruken av forbod og statleg detaljstyring, men i staden lar det vere opp til individa og marknaden å avgjere korleis forbruket av fossilt brensel kan reduserast mest mogleg effektivt.

Vestland Venstre vil:

  • utgreie og teste ut Karbonskatt til fordeling (KAF)

 

Fråsegn vedteken på felles årsmøte for Sogn og Fjordane Venstre og Hordaland Venstre 3. februar 2019

 

Meir bakgrunnsinformasjon: https://naturvernforbundet.no/klima/hva-er-karbonavgift-til-fordeling-kaf-article34560-126.html

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**