Vestland Venstre ønskjer ein god og utviklande politikk for distrikts-Noreg. Difor vil vi arbeide for gode helsetilbod, god kommuneøkonomi, rassikring, vegutbetring og utvikling av næringslivet i heile det nye fylket. Vi vil særskilt understreke at lett tilgjengelege offentlege tenester og attraktive, varierte bu- og arbeidsmarknader er føresetnader for eit vekstkraftig næringsliv og gode lokalsamfunn å bu i, over heile landet.
Vegvesenet sitt forslag til omorganisering vart oversendt til Samferdselsdepartementet tysdag 15. januar. Vestland Venstre forventar at Venstre er med å sikre at Statens Vegvesen framleis skal ha ein desentralisert struktur, og at fagmiljøa i Sogn og Fjordane og Hordaland skal satsast på, også framover. Framtidig organisering av Statens vegvesen må sikre dette, og bygge på kompetansemiljø og oppgåveløysing ute i regionane. Vestland Venstre forventar at organiseringa gjev fagmiljøa i Sogn og Fjordane og Hordaland oppgåver og funksjonar, minst på nivå som i dag.
Som følgje av oppgåveoverføring til fylka, digitalisering og effektivisering blir det vurdert ny tenestestruktur på trafikant- og køyretøyområdet, endra struktur og omfang på støttefunksjonar, og overgang frå regions- til divisjonsmodell. Vestland Venstre er for digitalisering som gjev innbyggjarar og næringsliv gode og tilgjengelege tenester. Men alle tenester er ikkje digitale, og endringar må ta omsyn til store reiseavstandar. Vestland Venstre vil også at framtidig organisering må satse på fagmiljø ute i regionane, der digitalisering er virkemiddel for å tenke nytt.
Talet på statlege arbeidsplassar ute i distrikts-Noreg har dei siste åra gått ned, medan det har auka i dei største byane. Dette er ei utvikling som kan og bør snuast, for å vere med å utvikle attraktive stader og sterke bu- og arbeidsmarknadsregionar med varierte arbeidsmarknader over heile landet.
Det er inga naturlov som seier at offentleg omstilling må innebere fysisk samlokalisering av oppgåver lagt til dei større byane, og nedlegging av kontor og funksjonar i distrikta. Ved sist omorganisering av vegvesenet, ved regionaliseringa i 2003, sikra Venstre at regionvegkontor og underliggande vegavdelingar blei lokaliserte i små og mellomstore sentra. Statens vegvesen fekk også desentraliserte direktoratseiningar. Ei slik tenking må ligge til grunn også framover.
Den framtidige organiseringa av Statens vegvesen må spegle at regjeringa meiner alvor med statleg lokaliseringspolitikk og spreiing av statlege kompetansearbeidsplassar. Vi syner her spesielt til den nye regjeringserklæringa, som seier at ein vil forsterke satsinga på utflytting av statlege arbeidsplassar, og ikkje minst at Regjeringa vil “Sikre helhetlig oversikt og koordinering av flytting, nedleggelse og opprettelse av statlige arbeidsplasser. Ved strukturendringer vil regjeringen sikre en fortsatt god regional fordeling av statlige kompetansearbeidsplasser.”
Ei nedbygging av offentlege fagmiljø ute i regionane er stikk i strid med kva Venstre og regjeringa vil i distrikts- og regionalpolitikken. Det står i motstrid til kommune- og regionreforma, der sterkare kommunar og regionar kan ta nye oppgåver og vere gode lokaliseringsstader for privat og offentleg verksemd. Med unntak av Bergen og Stord er alle Statens Vegvesen sine kontor i Hordaland og Sogn og Fjordane plassert i slike nye, større kommunar.
Kommune- og regionreforma bygger på prinsipp om desentralisert oppgåveløysing, spreiing av makt og avgjersler nærast mogeleg innbyggjarane. Men då må vi også styre staten i same retninga, og unngå at etatane finn det enklast å klumpe seg saman i dei større byane.
Fleire større kommuneeiningar bør og må framleis vere eit mål for Norge. Vestland Venstre meiner det er svært viktig at Staten framleis stiller incentivmidlar og andre verkemiddel til rådes for kommunar som slår seg saman med nabokommunar. Desse incentivmidla bør koma allereie i revidert statsbudsjett i 2019, slik at ein ved kommunevala til hausten veit kva rammevilkår innbyggjarane gjer sine retningsval på grunnlag av.
Region Vest er den tyngste veg-regionen i landet, med store utbyggingsprosjekt og spisskompetanse på rassikring, bruer og tunnellar. Oppgåver og fagmiljø blir leia frå regionvegkontoret Leikanger, med underliggande vegavdelingar og kompetansemiljø i Førde og på Nordfjordeid, Bergen, Odda, Stord, og Voss. Vestland Venstre forventar at desse fagmiljøa blir gitt minst like store oppgåver og funksjonar i framtida.
Fråsegn frå felles årsmøte for Hordaland Venstre og Sogn og Fjordane Venstre 3. februar 2019