Så lenge Osterøy kommune har eksistert, har Venstre vore med i heradsstyret. Sjølv som lite parti har vi vore ein viktig bidragsytar og korrigerande kraft i Osterøypolitikken. Dette vil vi halda fram med. Plattformen vår er sosialliberal. Vi set folk først og balanserer enkeltmennesket sin fridom mot omsynet til og ansvaret for våre omgjevnader, medmenneske og levekår.
Programmet fokuserer på fire område som Osterøy Venstre vil ha som hovudsaker.
Openheit, etikk og lokaldemokrati
Openheit, etikk og tillit er nokre av hovudspørsmåla i Osterøypolitikken og i kommunen si forvalting. Vi meiner at for lite fokus på rutinar og rolleforståing har ført til ei uheldig blanding mellom politikk og næringslivsinteresser, vennetenester og politisk hestehandel. Manglande tillit mellom politikarane, mellom administrasjon og politisk nivå, og mellom innbyggarane og forvaltninga, gjev grunnlag for konspirasjonsteoriar og konflikt. Dette har ført til ein negativ runddans som det er vanskeleg å komma ut av.
Osterøypolitikken har mange lovlegkontrollar og fleire omstridde gildskapsvurderingar. Dette er ein klar indikasjon på at ein treng meir kompetanse, evne og vilje i det politiske miljøet til å opptre på ein god etisk måte. Venstrepolitikarane er opptatt av å sjølv skulera seg i slike tema, og til å ta ansvar for å påpeika feil i den politiske handsaminga, både i møte og i andre offentlege kanalar som web og sosiale media. Det er svært viktig at alle politikarane kan sjå veljarane i augo og seia at dei ikkje blandar saman dei private interessene sine med politiske verv.
Osterøy kommune har skåra dårleg på målingar om openheit i sakshandsaminga. Mange innbyggarar vert for seint merksame når det skjer ting i nærmiljøet deira, slik at dei ikkje lengre kan påverka resultatet. Osterøy Venstre vil alltid argumentera for at alle møte der politiske avgjerder blir tatt, skal bli gjort offentleg kjent, vera opne for publikum, og ha opne referat. Dette er òg i tråd med lovverket. Osterøy Venstre vil sjølv følgja med på og informera i alle tilgjengelege kanalar om saker vi meiner det er viktig at Osterøy sine innbyggarar er informerte om.
Venstre vil:
- Vera ærlege og opne om forvaltinga, der lojaliteten først og fremst skal ligga til innbyggarane
- Informera om pågåande saker gjennom alle tilgjengelege kanalar
- Visa forståing for at administrasjonen har få ressursar, men jobba for openheit, ryddigheit og gode rutinar ovafor innbyggarane
- Vera ein positiv og open samarbeidspart med andre politiske parti.
Klima og miljø
Endringar i klima er den største utfordringa verda står ovafor. Mykje av dette må møtast med nasjonal og internasjonal politikk, men lokale grep er også viktige. Dersom vi skal setta krav til verdssamfunnet, må vi også kunna feia for vår eiga dør. Lokale tiltak vil uansett ha positive ringverknader for folkehelse, trivsel og nærmiljø for ostringane. Men vi må vita kva grep som har effekt hos oss! Dei mange grendene på Osterøy gjer at bilbruk er ein viktig og naudsynt del av liva våre – og tiltak for å redusera bilbruk vil ha mindre effekt. Men det er bra om vi kan legga til rette for meir bruk av sykkel og gange der vi ser dette kan ha god verknad, t.d. i dei tettaste områdesentra våre. I tillegg bør det bli lettare for pendlarar å reisa kollektivt. Kommunen kan arbeida for ei arealplanlegging som inneber at folk finn det dei treng i kvardagen nærast mogleg der dei bur. Eit enklare liv er ofte miljøvenleg! Til sist kan kommunen jobba med tiltak i eiga verksemd og gå føre som eit godt døme ved å bygga miljøvenlege offentlege bygg.
Venstre vil arbeida for:
- At FN sine berekraftmål skal vera ei rettesnor for kommunal forvalting
- At kommunedelplan Energi og klima vert teken opp til rullering og oppdatert som følgje av ny kunnskap om klimaendringar og nye forskrifter og forventningar
- At akvakulturnæringa utviklar seg i ei berekraftig retning
- Ei streng forvalting som vernar om raudlisteartar i kommunen
- At klimagassutslepp frå Osterøy kommune si eiga verksemd vert reduserte, mellom anna ved innkjøp, tenestereiser og i eigne utbyggingsprosjekt med klimasmarte bygg og arkitektur.
- At kommunen skal vera positiv til utvikling av klimavenleg næring, og legga til rette for det grøne skiftet ved å samarbeida med næringsliv og kunnskapsmiljø.
- At vi får bygd fleire ladestasjonar og får fleire kommunale el-bilar
- At kommunen jobbar for gode kollektive pendlarruter til Bergen, både over bru og med ferje. Her inngår parkeringsplassar ved kollektivknutepunkt.
Born og unge
Born og unge er det viktigaste vi har, sjølve framtida vår, som skal bera velferdsstaten vidare. Vi ønskjer at borna i kommunen skal få den beste starten på livet. Dei skal kjenna seg trygge, noko som inneber at vi må arbeida for sikker veg til barnehage, skule og fritidsaktivitetar. Vidare er god kvalitet i barnehagar og skular særs viktig for ein god oppvekst. Både fysisk miljø, læremidlar og lærekrefter skal halde eit så høgt nivå som mogleg. Osterøy Venstre er oppteke av at lærarar, foreldre og elevar er dei som kjenner utfordringane på kroppen. Dei må lyttast til! Det er særleg viktig at vi har tillit til lærarane sin innsikt og kompetanse, og gjev dei rom til å bruka fagkunnskapen sin sjølvstendig og godt.
Fritidstilbodet er ein viktig del av oppveksten, og me ønskjer at kommunen bidreg til at barn og unge kan ha eit godt fritidstilbod som ikkje tvingar dei til å dra ut av kommunen. Det er særleg viktig at mangfaldet av tilbod vert breiare, slik at alle kan finna noko som passar for seg, og at alle grupper vert stimulerte til å delta.
Venstre vil arbeida for:
- Betre skuleskyss, satsing på gode gang- og sykkelvegar, trygge busstopp og gode tilhøve rundt skular og barnehage når det gjeld trafikk. Vi meiner det er trong for ei ny kartlegging for fri skuleskyss.
- Å sikra at bemanningsnorma for alle delane av oppvekstsektoren vert halden.
- At barnehage og skule har eit meiningsfullt og positivt innhald som gjev trivsel og danning. Dette er grunnlaget for at born kan utvikla seg til trygge og ansvarlege menneske med gode liv for seg og sine.
- Ei vidareutvikling av idretts- og kulturtilbodet for dei yngre i samarbeid med lag og organisasjonar. Aktivitetar som inkluderer og gjev plass for born og unge med nedsett funksjonsevne, innvandrarar og born og ungdom som har falle frå i skulen skal prioriterast også økonomisk, så langt det er mogleg.
Kommunereform og økonomi
Osterøy Venstre ser store utfordringar for Osterøy som eigen kommune i framtida. Kommuneøkonomien er svært trong sjølv med maksimal eigedomsskatt, og det er ingen indikasjonar på at den vil betra seg. I framtida vil kommunane få fleire og større oppgåver som vil krevja fleire tilsette, auka ressursar til kompetanseheving og trong for større fagmiljø. Osterøy kommune klarer ikkje å oppfylla alle desse krava og forventningane med dagens økonomi, og det vil innbyggarane li under.
For Osterøy Venstre som ansvarleg parti som vil innbyggarane sitt beste, er konklusjonen openberr: Vi må søkja å slå oss saman med andre kommunar. Bergen er den opplagte kandidaten, men om andre konstellasjonar kan finna meir støtte og gje like gode løysingar for innbyggarane, vil vi også vera positive til dette. Til sjuande og sist dreier dette seg om at innbyggarane skal få dei tilboda og den servicen dei har krav på, og at Osterøy skal vera ein attraktiv plass å bu også i framtida. Omsynet til innbyggarane er viktigare enn omsynet til systemet. Å halda fram som no meiner vi er uansvarleg.
I forhandlingar om kommunesamanslåing vil Osterøy Venstre særleg arbeida for:
- Å etablera bydelsstyre
- Å bevara Osterøytunet
- Å bevara den offentlege skulestrukturen slik den er i dag med fire barneskular og ein ungdomsskule
- Å bevara arealstrategien med fire områdesenter på Osterøy