Årsmøtet 2018 (09.01.19)

REFERAT FRÅ STYREMØTE I VOSS VENSTRE 9/1-2019.

Desse møtte: Torstein, Ingebjørg, Elin og Atle. (Frederic)

Sak 1: Førebuing av nominasjonsmøte og årsmøte i Voss Venstre. Gjennomgang av sakliste til dei to møtene som vart gjennomført etter styremøte.

 

NOMINASJONSMØTE VOSS VENSTRE 9/1 KL. 19.00.

  • 17 personar møtte opp.
  1. Konstituering:
  2. Godkjenning av innkalling: Var annonsert i Hordaland 18.des. Var i tillegg sendt ut på e-post til medlemmer i venstre.
  3. Val av ordstyrar: Ingebjørg Winjum

Referent: Atle Seim

  1. Underskriving av protokoll: Rolf Abrahamsen og Margunn Torget Østrem.
  2. Presentasjon av nominasjonsliste: Nominasjonskomiteen har vore samansett av Rolf Abrahamsen, (leiar) Ingebjørg Winjum, Arvid Birkeland og Hilde Klette. Ein har snakka/spurt omlag 60 personar om å stå på lista. Ein har 24 listekandidatar.

Vedtak: Dei to fyrste på lista skal kumulerast.

Fylgjande endringar på nominasjonsliste vart vedteke:

  • Leif-Helge Vevatne.
  • Katrina Øvsthus Stavenes
  • Anders Djønne
  • Jenny Eidnes Kjerland
  • Oddrun Vellene Vevatne

I tillegg til namn skal det vera med fødselsår, yrkestittel og kva bygd/grend ein bur i. Styret har fullmakt til å supplera lista fram til innleveringfrist. Supplering av lista gjeld frå 10. plass og nedover.

 

ÅRSMØTE I VOSS VENSTRE 9/1 KL. 19.30.

  1. Godkjenning av sakliste: Ingen merknader.
  2. Årsmelding for 2018: Ingen merknader. Sjå vedlegg.
  3. Godkjenning av rekneskap: Torstein orienterte om den økonomiske stoda i Voss Venstre. Ein har vel kr 60 000 på konto. Sjå vedlegg.
  4. Kontingent 2020: Kontigenten vert som i 2019, kr. 100.
  5. Val: Valnemda har vore samansett av Knut-Olav Nestås, Rolf Abrahamsen og Elin Øystese Kjerland.

Styret: Frederic Larsen, Atle Seim og Katrina Øvsthus Stavenes var ikkje på val.

Nytt styre: Frederic Larsen, Ingebjørg Winjum, Jens- Håkon Birkeland, Katrina Øvsthus Stavenes, Oddrun Vellene Vevatne (ny) og Atle Seim.

Ny leiar: Frederic Larsen. Ellers konstituerar ein seg på fyrste styremøte.

Vararepresentantar: 1. Leif- Helge Vevatne 2. Elin Seim. 3. Knut- Olav Nestås. 4. Torstein Gunnarsson.

Revisor: Kristian Østrem.

 

  1. Budsjett 2019: Vedtak: Styret får fullmakt til å fastsetja budsjett for 2019.

 

  1. Val av utsendingar til fylkesårsmøte 2.– 3 februar: Voss Venstre kan senda inntil 4 utsendingar. Listetoppane Elin og Fredric kan diverre ikkje reisa. Oddrun reiser, i tillegg er Margunn, Jens- Håkon, Astrid, Oddmund, Anders og Atle i «tenkjeboksen».

  1. Framlegg til fråsegner:

  1. Vegframføringa forbi Fleischer: Fråsegn vedteke. Stryk siste avsnitt i teksten. Saka skal og snart opp i kontrollutvalet. Bør sendast til Hordaland og ordførar. Elin tar saka vidare.
  2. Legekontor i Granvin: Fråsegn trekt.
  3. Fotballhall i Prestegarsmoen: Fråsegn vedteke. Ein må presisera at ein ikkje er imot ny fotballhall, men at det er lokaliseringa i Prestegardsmoen Venstre er imot.
  4. Samarbeid i politikken: Fråsegn trekt
  5. Uteskule på Voss: Fråsegn vedteke. Voss bør ha ein «pilotskule» med fokus på uteaktivitetar. Dette for å betra overgangen frå barnehage til skule. Leif-Helge tar saka vidare.
  6. Hordaland Bioenergi: Vedteke: Voss Venstre støttar forslaget om nedgraving av røyr slik som fyrst planlagt og ikkje bygging av mur/kulvert slik som ein no planlegg!

Framlegg til fråsegner fylkesårsmøtet:

  1. Regionalt/nasjonalt: Konkurranseutsetjing NSB og jernbanereformen: Torstein og Kristian ser «finpussar» vidare på dette.
  2. Venstre som sentrumsparti: Fråsegn vedteke. Viktig at Venstre kan samarbeida til begge sider, jamfør skiping av Vestland Venstre.
  3. God og aktiv informasjon både lokalt og regionalt: Fråsegn vedteke.

Møtet slutt kl. 21.40.

 

 

Referent: Atle Seim

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**