Politisk årsmelding for 2018

Osterfjorden, Nordhordland, Foto: Torill Magnussen

2018 har vore eit turbulent politisk år. Saker med mykje offentleg merksemd har vore kommunen sitt arbeid etter den tragiske hendinga på Votlo, omstillingsarbeidet i Helse- og omsorgssektoren, nedlegging av fengsel på Ulvsnesøy og sal av eldre skulebygg. På slutten av året har naturleg nok kommuneøkonomi og budsjettarbeid fått mykje fokus. I tillegg til desse sakene, har politisk samarbeidsklima og konfliktar dessverre vore eit gjentakande tema, både i den offentlege debatten, men også politikarane seg imellom. Denne politiske «rekneskapen» viser korleis 2018 var, sett frå Osterøy Venstre sin ståstad. Først vert noko av det politiske arbeidet synleggjort – og deretter er nokre viktige større enkelt-tema kommentert.

  • I dei første månadene av 2018 stemte Venstre for vedtak av kommunedelplan for sjø- og strandsone og fleire utbyggingsavtalar for å realisera reguleringsplanar (bustader).
  • Det politiske arbeidet med samfunnsplan vart sett i gong, og Venstre bidrog godt i diskusjonane om kva som skal vere hovudprioritet dei neste tiåra for Osterøy. Me er godt nøgde med at det verkar som at det er politisk vilje til å prioritera tidleg innsats i alle sektorar, og å satse på barn og unge. Venstre har også bidrege til at samfunnsplanen kan få ein klar grøn profil. Planen vert jobba vidare med i 2019.
  • I april vart det lagt fram ein rapport som såg nærare på kvar i Valestrandsområdet ein kan ha idrettsanlegg med fleirbrukshall og fotballbane. Denne vart teken til vitande av politikarane, og det er uklart korleis rapporten vil bli brukt vidare. Dette arbeidet er av interesse, for det viser kva område som er eigna eller ueigna for større strukturar og utbyggingar. Me veit at i området Valestrand-Hauge vil det i åra framover vil bli vurdert bygging av større tiltak.
  • I mai stilte Venstre spørsmål om «Åpenhetsindeksen», der Osterøy kommune ikkje har svart. Det vart stilt spørsmål om kommunen har nok kunnskap om offentleglova. Rutinane om offentleggjering av dokument er gjennomgått, slik at dokument ikkje skal bli unødig skjerma. Tilsette i kommunen skal få opplæring og kurs om bruk av lovverket.
  • Elles stemte Venstre for å gje dispensasjon for byggeforbodet i Lonevåg for å reise Familiens Hus. Vi har stilt oss bak å auke budsjettramma for dette bygget. Dette vert eit godt bygg for ei svært viktig teneste i kommunen.
  • Venstre hadde ein interpellasjon der vi etterspurde rutinar og erfaringar med «planinitiativ» i Osterøy kommune. Dette skal sikre at utbyggarar tidleg kjem i god dialog med kommunen som planmynde, og er forpliktande for begge partar.
  • Venstre har elles etterspurd framdrift i overgang til nynorsk ved Vaksenopplæringa.
  • Venstre foreslo og fekk fleirtal (samrøystes) for at Osterøy kommune skal på ny ta kontakt med Statens Vegvesen for vurdering av fartsgrense på fylkesvegen langs Mjeldavågen i Haus. Det er komme nye fartsgrensekriterier i oktober, og dette gjev grunnlag for å sjå på saka på nytt.

Hausten var elles dominert av budsjettarbeid for 2019 – sjå eige punkt under.

Omstilling i Helse- og omsorgssektoren

Venstre ga i 2019 si tilslutning til at ein vedtok ein ny strategi for pleie- og omsorgstenester i kommunen. Dette baserte seg på eit arbeid som vart bestilt inn for å sjå om tenestene var rigga for å møte utfordringane. Både gjennomgangen, og tal frå Kommunebarometeret viser at ressursbruken i Pleie- og omsorg ligg høgare enn samanliknbare kommunar, utan at dette gjer at folk er meir nøgde enn andre stader. Rådet var å legge større ressursar i å hjelpe folk i heimen, eller å tilby tilrettelagt bustad som kommunen enten byggjer sjølv, eller i samarbeid med lag og organisasjonar. Det vart rådd til at sjukeheimen vart reindyrka som ein behandlingsinstitusjon der folk ikkje bur over lengre tid. Ein må også ha med seg at talet på yngre med langvarig og omfattande tenstebehov er forventa å auke i heile landet.

I budsjett for 2019 vedtok heradsstyret, med tilslutning frå Venstre, ei nedskjæring på Helse og omsorg som høgst sannsynleg vil føre til at ei avdeling på sjukeheimen vert fasa ut i 2019. Dette er krevjande for både brukarar, familiar og tilsette. Det er likevel i tråd med den nye strategien for sektoren, sjølv om grepet ikkje burde ha vore tatt før vi har fått utvikla eit breiare tilbod om omsorgsbustader. Dette vert ei utfordring for 2019.

Eit samrøystes heradsstyre gjekk inn for å starte opp eit utviklingsprosjekt for Bu- og avlastingstenesta. Dette er tenester ein kjøper inn utanfrå.

Barnehage og skule

Venstre stemte for at dei nedlagde skulebygningane på Bruvik, Hjellvik og Hamre skulle seljast. Bruvik skulle seljast på den opne marknaden, medan dei to andre skulle seljast direkte til leigetakarane (private skular) til takst. Ein la til grunn at i dei etterfølgjande forhandlingane om pris ville Rådmannen utvise skjønn. Når det gjeld Hosangerskulen, ønskte Rådmannen å avslutta leigetilhøvet med Hosanger montessori-skule i 2019, og at heile bygget vert kommunal barnehage. Venstre foreslo og fekk fleirtal for at Montessoriskulen skal kunne leige fram til september 2021, og at administrasjonen må legge fram ei sak der ein ser på ulike alternativ for Mjøsdalen barnehage. Eit av alternativa skal vere sal av skulebygget og bygging av ny barnehage i nordre del av Osterøy, eller utviding av annan kommunal barnehage.

Når det gjeld trafikksituasjonen ved Valestrand skule, er det blitt orientert om at Fylkeskommunen er skeptiske til å bygge den skisserte løysinga i Rulledalen, fordi dette ikkje er trygt nok for mjuke trafikantar. Rådmannen har orientert om at ein freistar å finne alternativ løysing som fylkeskommunen er villig til å bygge. Venstre har både i sak som gjeld val av skulestad for Valestrandsregionen, og i vedtak om områdeplan for Valestrand, vore kritiske til den skisserte trafikkløysinga. Likevel har vi etterspurt framdrift og stemt for at området skal eksproprierast, fordi situasjonen rundt skulen i dag er uakseptabel.

Votlo

Gjennom året har politikarane vorte orienterte om arbeidet som kommunen har gjort på Votlo. Det har blitt bestilt inn fleire fagrapportar for å freiste å finne ut kva som er årsaka til at raset gjekk. Så langt har ein ikkje greidd å finne ei enkelt årsak til at den fatale hendinga skjedde. Venstre ga tilslutning til at det vart vedteke nye rutinar for bistand og hjelp til innbyggarar ved mistanke om fare for naturskade eller skadehendingar. Vidare stemte Venstre for at kommunen søker tilskot frå NVE for sikring av det jordskredutsette området på Votlo.

Riksadvokaten vil sjå nærare på om det kan finnast eit kommunalt ansvar for skredet. Venstre meiner det er bra med ein slik gjennomgang. I tillegg til å få ein grundig gjennomgang, kan saka truleg også ha prinsipiell interesse med tanke på korleis kommunar skal møte og handtere eit våtare klima og større ras- og skredfare.

Bilde april 2018 frå jordskredet på Votlo på Osterøy, desember 2017

Fengselet på Ulvsnesøy

Etter forslag frå ordførar stemte Venstre saman med dei andre partia for å gje ei fråsegn frå Osterøy kommune om at ein er negativ til Justis – og beredskapsdepartementet sitt vedtak som fører til nedlegging av fengselet på Ulvsnesøy, og ein ba om at tilbodet vart vurdert etter at konseptvalutgreiinga er ferdig. Dessverre vil regjeringa legge ned fengselet. Det er vist til at det er overkapasitet på nasjonalt nivå, og at kostnadsnivået på Ulvsnesøy er for høgt. Osterøy Venstre meiner at kriminalomsorga har eit unikt og viktig tilbod på Ulvsnesøy, og håpar saka kan snu.

Budsjett 2019

I november starta eit svært krevjande budsjettarbeid. Alle parti, med unntak av FrP, tok utgangspunkt i Rådmannen sitt framlegg til budsjett for 2019, men la i tillegg inn midlar til kjøken på Osterøytunet, driftstilskot til fysioterapi, vikarar i barnehage og båtrute i Osterfjorden. Budsjettframlegget vil ha store konsekvensar for Helse og omsorg – og er grunnlag for nedlegging av ei avdeling på sjukeheimen.

Venstre støtta ordførar sine forslag om kjeldesortering i kommunal drift, medlemskap i Klimapartnar og at alle nye kjøretøy i kommunen skal vere nullutsleppskjøretøy. Desse forslaga fekk fleirtal.

Likens vart det fleirtal – med støtte frå Venstre – om å finansiera dei to lærarstillingane på ungdomsskulen, som var i ferd med å bli kutta. Samtidig vart det signalisert at dette kan vere siste budsjettperioden dette skjer.

Venstre ga tilslutning til oppretting av ei arbeidsgruppe som skal utarbeide framlegg om føremål og forvaltning av Nærings- og utviklingsfondet som vart oppretta tidlegare på året. Dette fondet skal legge til rette for ein arena for utvikling av næringslivet i kommunen.

Venstre fekk gjennom sitt forslag om ei kartlegging av tryggleiken langs skulevegar på Osterøy. I investeringsbudsjettet var det fleirtal for (inkludert Venstre) for eit prosjekt for utvikling og utbygging av forsterka omsorgsbustader (Omsorg+) ved Osterøytunet. Ein skal gå i gang med reguleringsplan og prosjektering, og det skal vere god kvalitet med tanke på estetikk og funksjon, teknologiske løysingar, energibruk og berekraftige materialval.

Venstre viste til den utfordrande økonomiske situasjonen som kommunen er i, og foreslo at rådmannen straks tar kontakt med Bergen, med mål om å starte re-forhandling av intensjonsavtalen om samanslåing. Forslaget fall, men fekk 6 røyster: 1 frå Venstre, 2 frå Miljøpartiet dei grøne og 3 frå Høgre.

Økonomi og tilhøvet til nabokommunar

I Juni 2018 stemte alle parti for at kommunen treng meir interkommunalt samarbeid for å styrke dei små fagmiljøa våre, og legge til rette for auka kompetanse og kvalitet i tenestene. Heradsstyret bad rådmannen om å prioritera dette arbeidet. Seinare på året rapporterte Rådmannen at dette arbeidet vise seg vanskeleg, då nabokommunar som er i ein samanslåingsprosess har «nok med seg sjølv» og interessa for å inkludere kommunar som har valt å stå aleine er liten. Så langt har ein ikkje kome vidare med å få på plass nye interkommunale samarbeid.

Dette gjer situasjonen for Osterøy kommune særs alvorleg. Budsjettbehandlinga i desember 2018 viste at ein framleis er langt unna eit fleirtal for å slå Osterøy saman med ein annan kommune, sjå siste avsnitt under Økonomi.

Politisk klima og uro

I løpet av hausten 2018 vart det tydeleg at det politiske miljøet er i ei tillitskrise. Det har vore mykje uro dei siste åra, og nokre parti eller enkeltrepresentantar har hatt sterke markeringsbehov. Dette har ført til ei kløft mellom fleire, både internt i det politiske miljøet, og mellom administrasjon, politikarar og innbyggarar. Dessverre veit vi at trakassering, politisaker, hestehandel og samanblanding mellom politikk og næringsinteresser har vore tema i Osterøypolitikken tidlegare år. Når det er sagt er det viktig å understreka at det sit mange dyktige menneske i heradsstyret –som vil det beste for kommunen – og som er ryddige og saklege. Dette når ikkje avisoverskriftene.

Ei anna utfordring i forvaltninga av kommunen er at for mange politikarar ser si rolle som nokså passive kontrollørar av administrasjonen. Dersom Osterøy skal halde fram som eigen kommune, treng me folk i heradsstyret som engasjerer seg og ønskjer å styre meir enn å kontrollere. Me treng også politikarar som snakkar om kommunen som «oss» – dvs. innbyggarane, og ikkje som «dei på rådhuset».

I haust vart nye politiske reglement vedtekne. For å motverke nokre av dei kulturproblema som finst i politikken, fremma Venstre forslag som gjeld replikkar og protokolltilførsel. Dette medførte bl.a. at no kan møteleiar avvisa protokolltilførsel på grunn av innhald, form eller lengde. Med dette kan ein unngå at møtereferat vert ein debattarena og som vert nytta til å merkere seg på.

Med bakgrunn i mykje uro i plan- og kommunalteknisk utval dei siste åra, vedtok Heradsstyret ei ny samansetting. Felleslista med partia Høgre, KrF, Sp, MDG og Venstre gjorde ikkje endringar på si liste, medan AP og FrP avslutta sitt listesamarbeid. Dette førte til at FrP miste ein representant i utvalet. Denne gjekk i staden til felleslista og Miljøpartiet dei grøne. Venstre håpar og trur at arbeidet i planutvalet vert meir konstruktivt i 2019.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**