Hordaland Venstre prioriterer E16 og jernbane Bergen – Voss

Skred- og rasfaren heng over E16. No er E16 Bergen-Voss kåra til Noregs verste veg av NRK., Foto: Elise Årdal/Bygdanytt

Hordaland Venstre meiner utbetring av E16 er så kritisk og vegen så farleg i dag at oppstart ikkje kan venta til 2024. Me ynskjer at arbeidet vert prioritert i NTP og framskynda så langt som mogleg.

I Nasjonal Transportplan (NTP) som vart framlagt i fjor har staten tildelt transportmilliardar over landet. Hordaland har også ein del av NTP, men E16 mellom Bergen og Voss har planlagt oppstart først i 2024 som er del to i NTP.

E16 er den viktigaste vegen mellom Bergen og Austlandet. E16 mellom Bergen og Voss har ein døgntrafikk på om lag 5500 bilar. Vegen ble uoffisielt kåra av NRK til Noregs farlegaste veg med ein skadestatistikk frå 1992 til 2017 på 470 ulykker, 168 hardt skadde eller drepne og 828 lettare skadde. Om ikkje ulykker er nok så har det gått 338 ras dei siste 17 åra.

Ein artikkel i lastebil.no kommenterte strekninga Bergen-Voss med «hadde dette vore ein arbeidsplass så hadde den blitt stengt på dagen», ei skildring det er lett å kjenne seg igjen i.

Når E16 er steng er omkøyringsvegen riksveg 7 om Hardanger lite egna for å ta en så stor trafikk som E16 har. Dette fører til store trafikale vanskar i område.

Jernbana mellom Bergen-Oslo føljer mykje av den same traséen til Voss som E16.

Jernbane blir dermed også råka av dei same rasa som E16 og blir stengt fleire gangar i året. Jernbana mellom Bergen og Voss slit også med å vera gamal, noko som fører med lav fart og liten kapasitet.

Dei fleste av prosjekta i NTP ser nå ut til å bli dyrare en fyrst anteke og med ein gryande misnøgde med bruk av bompengar som del finansiering av utbyggingsprosjekta kan det fort enda med at delar av del to i NTP kan verta vanskeleg å gjennomføra slik som planlagt.

Hordaland Venstre vil prioritera E16 og jernbana Bergen – Voss. Hordaland Venstre vil at heile strekninga skal fullførast så raskt som mogeleg. Me har ikkje tid å missa, verken menneskeleg eller økonomisk.

Fråsegn vedteke av fylkesstyret 12. desember 2018

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**