Fylkesårsmøte for Hordaland Venstre og felles møte med Sogn og Fjordane Venstre haldast
laurdag 2. og søndag 3. februar 2019 på Thon Hotel Jølster på Skei
Innkalling er sendt lokallagsleiarar og sideorganisasjonaer på e-post.
Det vert arrangert både separate årsmøte for dei to fylkeslaga – Hordaland Venstre og Sogn og Fjordane Venstre, og felles møte der alle delegater frå begge fylkeslaga er samla. På fylkesårsmøta vil ein handsame saker i samsvar med vedtektene.
Det meste av helga blir køyrt som eit stort felles møte for dei to fylkeslaga som per 1.1.2020 vert Vestland Venstre. På dette felles møtet vil handsaming og vedtak av fylkesvalprogrammet stå sentralt. I tillegg handsamast mellom anna saker som er naudsynte i samanslåingsprosessen.
Sjå skisse til sakliste nedst i nettsaka
Førebels program for helga finn du her
Vi startar opp med lunsj frå kl. 11:30 laurdag. Deretter blir det felles møte frå kl. 12.30 Registrering frå 11.00. Avslutning seinast 15.30 søndag.
Fristar
Frist for innsending av framlegg til vedtektsendringar var allereie 1. januar 2019
Vi kan opplyse om at interimsstyret og dei to fylkesstyra, etter råd frå Venstres Hovedorganisasjon, førebels er innstilte på å nytte normalvedtekter for fylkeslag i Venstre det første året etter samanslåinga, dvs. i 2020.
Frist for innsending av andre saker til saklistene var 5. januar
Frist for innsending av fråsegner til møtehelga er sett til 23. januar
Andreutkastet til fylkesvalprogram for Vestland Venstre i perioden 2019-2022 har vore ute på høyring. Lokallag og medlemmer har sendt inn endringsframlegg elektronisk fram til fristen 5. januar.
Hotellet treng namnelister seinast to veker før møtet og frist for å sende inn namn på utsendingar er difor allereie torsdag 17. januar! Dei lokallag som planlegg å halde sitt lokale årsmøte etter 17. januar må sende inn førebels påmelding.
Eit eige påmeldingsskjema og fullmaktskjema vart sendt ut rett over nyttår.
Tal på utsendingar: Førebels oversikt over kor mange utsendingar kvart lokallag/kvar sideorganisasjon har rett på, er sendt lokallagsleiarane på e-post.
Representasjonsretten er fastsett i §5 Fylkesårsmøtet i vedtektene. Merk at samanslåinga av ein del lokallag får innverknad på utrekninga. Ring fylkessekretæren om du har spørsmål.
Sakspapira vert sendt til dei påmelde utsendingane seinast 1 veke før møtet.
Informasjon om prisar er sendt lokallagsleiarane på e-post. Lokallagsleiar pliktar å informera utsendingane sine om prisane, om laget ikkje dekkjer alt for dei
Merk at delegatar frå Hordaland som er ikkje-yrkesaktive, kan søkje om å få dekka inntil 1000 kr i møtegodtgjersle.
Reise
Delegatane må sjølve dekkje reisekostnadar om ikkje lokallaget dekkjer for dei.
Hordaland Venstre har bestilt eigen buss frå Bergen busstasjon laurdag morgon – avgang kl. 07:40, og tilbake søndag etter møteslutt, slik det vart gjort i samband med nominasjonsmøtet i Førde. Dei som ønskjer å nytte seg av dette tilbodet må betale ei symbolsk billettpris på 300 kr tur/retur.
Vel møtt til årsmøtehelg!
Helsing fylkesstyret
—
Skisse til saklister og tema for helga:
Separat årsmøte for Hordaland Venstre
- Konstituering – Val av møteleiarar, fullmaktsnemnd, referentar, teljekorps. Evt. supplering av red.nemnd for politiske fråsegner. Godkjenning av forretningsorden.
- Årsmelding og rekneskap 2018
- Budsjett 2019
- Organisasjonsdebatt
- Val – supplering av styret
- Val av landsmøteutsendingar 2019
- Eventuelle vedtektsendringar
- Endeleg vedtak om samanslåing og vedtak om avvikling
- Innkomne saker
Felles møte for det komande Vestland Venstre
- Konstituering– Val av møteleiarar, fullmaktsnemnd, referentar, teljekorps, redaksjonsnemnd for valprogrammet. Godkjenning av forretningsorden.
- Handsaming og vedtak av fylkesvalprogram
- Generell politisk debatt
- Politiske fråsegner
- Tilleggskontingent for 2020?
- Val av valnemnd
- Orientering om valkampplan.
- Organisasjonsdebatt
- Redaksjonsnemnd for politiske fråsegner på årsmøtet i 2020
- Nominasjonsprosess føre Stortingsvalet 2021
- Saker frå Venstres Hovedorganisasjon – m.a. innspel til prosess for nytt prinsipprogram og stortingsvalprogrammet, vedtektsendringar VHO
- Innkomne saker