I fylkestinget 11.desember la Geir Kjell Andersland fram Venstre sitt budsjett for 2019.
For Hordaland Fylkesting er dette sitt siste budsjett før samanslåinga med Sogn og Fjordane.
Venstre prioriterar igjen eit godt kollektivtilbod, ved å prioritere frys på alle kollektivprisar på dagens nivå.
Vi ynskjer ein ambisiøs klima og miljøpolitikk, og eit breidt kultur- og skuletilbod i heila fylket. Klima- og miljøfokuset og folkehelsefokuset gjennomsyrar heile budsjettet vårt.
Hordaland Venstre leverar eit ansvarleg budsjett med kraftig styrking av klimahandlingsplanen og ein solid finansiering av friluftsråda i arbeidet med plastopprydding langs kysten vår.
Me ønskjer å løfta fram fylkeskommunen som den store kulturaktøren den er, Sentralbadet, Fyllingsdalen og Bømlo Teater, Nynorsk, og Manger Folkehøgskule er alle viktige oppdrag fylket bidrar til.
Ikkje minst ser me eit stort behov for å styrka både skulehelsetenesta, helsesenter for papirlause og sørgja for at vidaregåande elevar får meningokokkvaksine.
Og mykje meir i eit framtidsretta fylke. Her kan du lesa heile vårt budsjettsalternativ: Budsjett_Venstre