Andreutkast til valprogram

Politikk, Kjersti I. Vevatne

Vestland Venstre sitt valprogram for neste fireårsperiode utformast no, og vi vil gjerne høyre di meining! Programnemnda la 1. november fram sitt førsteutkast til program og legg i dag, 17. desember fram sitt andreutkast til program.

Her finn du andreutkastet til program

Programnemnda håpar at medlemmene blir glade, engasjerte, inspirerte og litt provoserte av å lese utkastet. Vi treng ein god debatt om kva Venstre skal gå til val på i nye Vestland fylke i 2019.

God lesnad!

Medlemmer og lokallag har frist fram til 5. januar til å kome med innspel og endringsframlegg til utkastet.

Endringsframlegg sendast inn elektronisk via denne lenka

Det endelege valprogrammet skal vedtakast på eit felles programmøte i Jølster årsmøtehelga 2. – 3. februar 2019.

Geir Kjell Andersland er leiar av programnemnda.

Les meir om kven som sit i den felles programnemnda her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**