Vår ordførarkandidat – Sissel Urke

 

Ål Venstre har gleda av å presentere Sissel Urke som kandidaten vår til ordførarvervet ved kommunevalet i 2019 .
Med sitt engasjementet, driv og tru på framtida og har vi funne den ideelle kandidaten til å leie Ål i mot nye høgder.
Sissel er i dag leiar i hovudutvalet for utdanning i Buskerud fylkeskommune.
Ho har representert Venstre i tre periodar i kommunestyret i Ål, ein periode i Formannsskapet, og ho har vore leiar i Sektorutval for helse- og sosial.
Sissel har og hatt ulike verv i Ål Venstre, Buskerud Venstre, og Buskerud Venstrekvinnelag.


Nominasjonskomiteen i Ål Venstre arbeider framleis med lista til kommunevalet. Vi har gode namn på blokka, og ynskjer endå fleire med. Har du lyst til å vera med høyrer vi gjerne frå deg.
Nominasjonskomiteen sitt forslag til liste vil vert offentlegjort i byrjinga av 2019 .
Dato for nominasjonsmøte vil leggjast ut på heimesida til Ål Venstre.

For Ål Venstre

Espen Jakobsen
Leiar.

14.12.2018

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**