Trude toppar Venstre-lista

PÅ TOPP: Fire av dei fem toppkandidatane på lista. Frå v.: Are Kvistad, Jan Arild Rømmen, Trude Risnes og Eva Ramstad. Bjarte Haugen hadde ikkje høve å vera til stades då han var på arbeid i Nordsjøen. (Foto: Sigrid Svartefoss)
PÅ TOPP: Fire av dei fem toppkandidatane på lista. Frå v.: Are Kvistad, Jan Arild Rømmen, Trude Risnes og Eva Ramstad. Bjarte Haugen hadde ikkje høve å vera til stades då han var på arbeid i Nordsjøen., Foto: Sigrid Svartefoss

Eit samrøystes nominasjonsmøte valde onsdag kveld å gå for framlegget frå nominasjonsnemnda, med Trude Risnes på topp. Bjarte Haugen frå Fjærland og Eva Ramstad frå Kaupanger er nominerte på dei neste plassane.

Risnes er stolt av å leie ei breitt samansett liste og eit godt Venstre-lag fram mot valet. – Skal nye Sogndal kommune verta ein god og slagkraftig kommune, må me utvikle potensialet i heile den nye kommunen, seier Risnes.

Bjarte Haugen, 2.kandidat på lista, var på arbeid i Nordsjøen og deltok på møtet via Skype. Fjærlendingen brenn for næringspolitikk. – Eg er oppteken av at folk vert løfta fram og får prøva seg, seier Haugen. Han er òg oppteken av utdanningspolitikk og gode helsetilbod.

– Eg brenn for barn, unge og kultur. At me i den nye kommmunen får med oss Balestrand der det er mykje kultur er viktig, seier 3. kandidat Eva Ramstad. – Klassisk miljøvern er også ei viktig Venstre-sak – Me må ta vare på Sognefjorden, seier Ramstad.

Vi presenterer her den vedtekne Venstre-lista, slik den blei lagt fram i nominasjonsmøtet. Møtet vedtok også at det komande styret i Sogndal Venstre har mynde til å supplere lista, fram til listefrist.

Venstres liste til kommunevalet for nye Sogndal

1. Trude Risnes, Leikanger
2. Bjarte Haugen, Fjærland
3. Eva Ramstad, Kaupanger
4. Jan Arild Rømmen, Leikanger
5. Are Kvistad, Sogndal
6. Kari Kvikne, Balestrand
7. Maria Knagenhjelm, Kaupanger
8. Marit Mellingen, Leikanger
9. Eyvind Øgar, Sogndal
10. Tobias Dahle, Leikanger
11. Else Mundal, Fjærland
12. Christen Knagenhjelm, Kaupanger
13. Halvor Gregusson, Sogndal
14. Jarle Geithus, Balestrand
15. Torbjørn Dale, Sogndal
16. Renate Buene, Kaupanger
17. Jarle Bøyum, Leikanger
18. Jon Farestveit, Sogndal
19. Arnt Ola Fidjestøl, Leikanger
20. Jon Asbjørn Målsnes, Balestrand
21. Hans Haugen, Fjærland
22. Trude Knutzen Knagenhjelm, Kaupanger
23. Ingunn Torstad Løvik, Sogndal
24. Mats Feigum, Kaupanger
25. Sigrid Svartefoss, Leikanger
26. Trude Ramstad, Kaupanger

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**