Fra 1. januar 2020 er nykommunen Sogndal ein realitet. Vi i Venstre har stor tru på å samle kreftene i Sogndal, Leikanger og Balestrand. Samanslåinga er også eit viktig høve til å friske opp dei gode verdiane som ligg i lokalt folkestyre og gode demokratiske prosessar, der innbyggjarane blir inkluderte.
Når du les dette, har lokallaga i Sogndal, Leikanger og Balestrand nyleg samla seg om felles kandidatar til valet neste haust. Vi gler oss til å ta til på jobben med å bygge kommunen! Vi ser fram til å vidareutvikle lokalsamfunna våre, i ein ny, sterkare kommunefellesskap. Då treng vi også å høyre frå deg som bur her. Kva er du oppteken av? Kva meiner du er viktige saker for Sogndal dei nærmaste åra? Gjennom ulike arrangement og temakveldar framover vinteren, vil vi høyre di meining. Kan hende bankar vi ein dag på døra di, der du bur. Du finn oss også på sosiale media. Vi set pris på innspel!
Visste du forresten at Venstre sitt slagord er «Folk først?» Det handlar ikkje berre om å ta omsyn til den enkelte, men også at vi må utvikle samfunn der vi stiller opp for kvarandre og skaper rause fellesskap. Vi vil bygge politikken vår på slike kjerneverdiar: folkestyre, berekraft, liberale rettar, fridom og trua på det gode i enkeltmennesket.
Vi trur at vit og forstand er jamnt fordelt blant folk flest, og som lokalpolitikarar ønskjer vi å ha «store øyrer og mindre munn». Vi håpar mange vil vere med oss i å påvirke lokaldemokratiet i nye Sogndal framover. Velkommen med dine innspel!
Trude Risnes, Bjarte Haugen, Eva Ramstad, toppkandidatar for Sogndal Venstre