For å sikre vekst treng å vi å bygge sterkare og tettare integrerte bu- og arbeidsmarknadsregionar. Gjennom dette får vi og betre tilgang på kompetanse og kvalifisert arbeidskraft.
Vi treng fylkespolitikarar som vågar å handle no, itråd med visjonen :
«Møre og Romsdal skal ha attraktive byregionar og tettstadar, levande lokalsamfunn med lokalt forankra næringsliv og gode bu- og oppvekstmiljø.»
I inneverande planperiode (2017-2022) skal Møre og Romsdal fylkeskommune ha ei særleg og tverrfagleg merksemd på følgande område:
- Attraktive bu- og arbeidsmarknadsregionar
- Omstilling
- Integrering
Integrerte og heilskaplege regionar, både når det gjeld arbeidsplassar, utdanning, servicefunksjonar, fritidstilbod, handel m.m. er ei sterk vekstkraft som skapar attraktivitet.
Ei av hovudsatsingane er å vidareutvikle og utvide heilskaplege regionar gjennom samordna areal- og transportplanlegging, der strukturelle grep som samferdsel er med å skaper attraktivitet.
Desse målsejingane er vi no i ferd med å realisere for vår region gjennom bygginga av nye Ålesund kommune. Ein viktig føresetnad som næringslivet og innbyggjarane har lagt til grunn dei siste tiåra, og som også den nye kommunen er avhengig av, er realiseringa av Nordøyvegen.
Nye Ålesund kommune skal ha lokal identitet, regional attraktivitet og nasjonal slagkraft. Vi treng eit næringsliv med konkurransekraft som gir vekst og sikrar arbeidsplassar til innbyggjarane. Med moderne og effektiv infrastruktur vil utnytting av havromsressursane i den nye kommunen gir nye moglegheiter til vekst – dette styrker grunnlaget for Nordøyvegen.