Leiaren av nominasjonskomiteen, Ragnar Johansen, starta nominasjonsmøtet med å gjere greie for prosessen. – På dei kumulerte plassane har vi i tråd med den likestilte tilnærminga valt å innstille åtte profilerte politikarar med god geografisk spreiing, sa Johansen. Deretter gav dei kumulerte kandidatane ein kort presentasjon av seg sjølv. Etter debatten blei vallista vedtatt med nokre endringar.
Kari Grindvik toppar lista og takka partiet for tilliten. Ordførarkandidat Grindvik er for tida leiar av interimsstyret for Ålesund Venstre og kommunestyre- og formannskapsrepresentant i Skodje. Grindvik er svært engasjert i samanslåingsarbeidet og sit mellom anna som medlem i fellesnemnda og leiar av komiteen for politisk organisering (P2).
Nestleiar i interimstyret Arild Terje Antonsen frå Ålesund kom på andreplassen etter kampvotering, han vil arbeide for ei raus og inkluderende kommune. Antonsen er mellom anna 2. vara til bystyret.
På tredjeplass kjem ungdomskandidaten Håvard Urkedal frå Haram. Urkedal er 1. vara til Haram kommunestyre og leiar av Møre og Romsdal Unge Venstre.
På fjerdeplass er Fride Sortehaug busatt på Lerstad. Sortehaug var tidlegare varaordførar i Volda og er for tida under utdanning for å bli samfunnsplanleggar.
På femteplass kjem så Nadarajah Gunapalan. Han er i dag ein av Venstres tre kommunestyrerepresentantar i Ørskog.
Hans Endre Sæterøy, på sjetteplassen, har tidlegare vore ordførar i Sandøy kommune. Han ser fram til å arbeide for eit rausare, grønare og meir sosialliberalt samfunn med Ålesund Venstre.
Alvhild Aspelund Bjørge frå Ålesund kjem så på sjuandeplass. Ho har tidlegare vore leiar for Møre og Romsdal Venstrekvinner og er i dag gruppeleiar for Venstre i Ålesund bystyre.
Til sist blant dei kummulerte kjem Kristian Stråmyr på åttandeplass. Han er i dag gruppeleiar i Haram kommunestyre og sekretær i Møre og Romsdal Venstre.
Nominasjonsmøtet gav styret fullmakt til å supplere lista fram til innsendingsdatoen, så det er framleis høve til å kome på lista.
Kandidatar til kommunevalet 2019:
1. Kari Grindvik
2. Arild Terje Antonsen
3. Håvard Urkedal
4. Fride Sortehaug
5. Nadarajah Gunapalan
6. Hans Endre Sæterøy
7. Alvhild Aspelund Bjørge
8. Kristian Stråmyr
9. Hildegard Maier
10. Lars Ove Seljebø
11. Eili Leivúrsdóttir Arntsen
12. Per-Morten Lindanger
13. Andrea Wolstad Pracy
14. Jørgen Ask Bakke
15. Eva Kristin Fjørtoft
16. Rolf Stavset
17. Vibeke Ask
18. Jon Grimstad
19. Arnstein Sæthre
20. Nina Shanett-Arntsen
21. Jack Roger Blindheim
22. Robert Coates
23. Sigurd Joralf Eidset
24. Magne Ertresvåg
25. Hilde Gutvik
26. Ragnar Johansen
27. Anne-Marte Nelvik Løndal
28. Arne Opheim
29. Anne Mari Lausund Relling
30. Ola Rønningen
31. Øyvind Sandbakk
32. Jorun Skjelten
33. Ingrid Standal
34. Ranveig Bakken Stavset
35. Elise Marie Backlund Stavset
36. Edith Stokke
37. Ole Stokke
38. Asbjørn Søvik
39. Thomas Vadset
40. Arild Mæhle Waksvik