28.november blir det nominasjonsmøte for nye Sogndal Venstre.
Møtestaden vert Cafe Herman på Leikanger, kl 19.00.
Forslag til liste vert sendt ut til alle medlemer på førehand. Alle som per i dag er medlemer i Balestrand, Leikanger og Sogndal Venstre har stemmerett. Andre som ikkje er medlemer per dato kan vera med i samtale, men har ikkje stemmerett. Nominasjonen følgjer det sentrale regelverk for Venstre sine kommuneparti.
Nominasjonsnemda for Nye Sogndal Venstre har toppkandidatane klare og er svært glade for å ha fått på plass dyktige og samfunnsengasjerte personar på dei første plassane. Trude Risnes er førstekandidat. Bjarte Haugen andre og Eva Ramstad tredjeplass.
Er du eller har kjennskap til samfunnsengasjerte personar som seier ja til å stå på nye Sogndal Venstre si liste til kommunevalet i september 2019, er me svært takksame om du tek ein telefon til Maria Knagenhjelm 93664256, eller Sigrid Svartefoss 91337640.