I det endelege forslaget til statsbudsjettet for 2019 er regjeringspartia blitt samde med KrF om å løyve 10 millionar kroner til etablering av eit nytt klimatilpassingssenter ved Vestlandsforsking i Sogndal
– Dette er strålande nyhende! Vi er svært nøgde med resultatet av forhandlingane med KRF, med gjennomslag og semje om støtte til eit nasjonalt senter for klimatilpassing, ved Vestlandsforsking i Sogndal. Vestlandsforsking har over tid vist at dei har ein sterk nasjonal posisjon på forskingsfeltet. Denne løyvinga vil vere med å styrke denne posisjonen – til nytte for kommunar, ulike aktørar og verksemder over heile landet.
Senteret skal forske på klimaendringar og konsekvensane desse har for samfunnet. Tidlegare i år har fylkestinget i Song og Fjordane løyvd fem millionar kroner til klimatilpassingssenteret.
Vestlandsforskning skriv dette om senteret på sine nettsider:
Formålet med senteret er: (1) Utvikle kunnskapsmiljøet i fylket til å bli blant de ledende forskningsmiljøene internasjonalt på området bærekraftig klimatilpassing; (2) styrke den forskningsbaserte og brukerrelevante undervisningen på klimaområdet ved Høgskulen på Vestlandet (HVL); og (3) produsere relevant kunnskap om klimatilpassing til brukere innen privat og offentlig virksomhet.
Senteret vil være lagt til Sogndal og organisert gjennom Vestlandsforsking, med et nært samarbeid med Høgskulen på Vestlandet – Campus Sogndal; og vil i tillegg involvere en rekke regionale og nasjonale brukeraktører, foruten nasjonalt og internasjonalt anerkjente forskningsmiljøer innen klimatilpassing. En sentral samarbeidspartner vil være det etablerte Klimaforum i Sogn og Fjordane.
Meir informasjon finn du på sidene til Vestlandsforskning: https://vestforsk.no/nn/project/etablering-av-et-nasjonalt-kunnskapssenter-pa-klimatilpassing-i-sogn-og-fjordane