Vestland Venstre vil ha slutt på mobbing

Foto: Pixabay/ creative commons

Vestland Venstre vil gi alle tilsette i skular og barnehagar meir kunnskap slik at dei blir betre rusta til å oppdaga og stoppe mobbing.

Vi vil også gi fri rettshjelp til mobbeoffer som ikkje har fått den hjelpa dei burde få og vi vil etablere ei nasjonalt ressurssenter for å styrke innsatsen mot mobbing.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Mobbing er diverre framleis eit dagsaktuelt tema. Vestland Venstre vil gjere alt vi kan for å få slutt på dette. Me kan ikkje lenger sjå på at mellom 40-60.000 barn og unge opplever å bli mobba i kvardagen sin.

Mobbinga påverkar helsa til den som vert mobba og den påverkar familiane deira. Det kostar samfunnet mykje både i pengar og menneskelege ressursar.

Mobbing oppstår sjeldan brått, men det kan ofte vera vanskeleg å oppdaga fordi den som vert mobba held det skjult. Dei er redde for at mobbinga skal auka og mange som mobbar er gode på å gjera i det skjulte.

Det er viktig at dette arbeidet for å førebyggja mobbing ikkje stoppar opp. Det er enno for lite kunnskap og kompetanse både i skular og barnehagar til at ein klarer å stoppa mobbinga når den alt har oppstått.

Venstre vil satse på ei kompetanseheving i skular og barnehagar. Vi vil setje dei tilsette i stand til å oppdaga mobbinga og gi dei kunnskap om kva som kan gjerast. På denne måten kan me sikra at alle tilsette ved skular og barnehagar i Noreg har lik kompetanse mot mobbing. Vi skal aldri tåle mobbing!

Mange mobbeoffer slit i dag med seinskadar og får diagnosen posttraumatisk stressliding (PTSD). Fleire av dei kjem aldri ut i arbeid og ender med tida på uføretrygd. Dei må få eit reelt høve til oppreising.

Vestland Venstre vil få på plass fri rettshjelp for mobbeoffera, slik at dei kan få ta saka si vidare mot ei eventuell rettssak.

Frå hausten 2018 skal det vera mobbeombod i alle regionar. Det er eit steg i rett retning.

Vestland Venstre vil få på plass eit nasjonalt kompetansesenter som ressurs for dette arbeidet.

 

Fylkesleiarane Jan Henrik Nygård og Åsta Årøen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**