Vestland Venstre sitt valprogram for neste fireårsperiode utformast no, og vi vil gjerne høyre di meining! Programnemnda la 1. november fram sitt førsteutkast til program og dette går no ut på høyring i organisasjonen. Nemnda vil presentere utkastet på den lokalpolitiske samlinga før nominasjonsmøtet i Førde 10. november, der det vert gruppearbeid og debatt også.
Her finn du førsteutkastet til program
Programnemnda håpar at medlemmene blir glade, engasjerte, inspirerte og litt provoserte av å lese førsteutkastet. Vi treng ein god debatt om kva Venstre skal gå til val på i nye Vestland fylke i 2019.
God lesnad!
Medlemmer og lokallag har ein førebels frist fram til 24. november til å kome med innspel og endringsframlegg til utkastet.
Endringsframlegg sendast inn elektronisk via denne lenka
Andre utkast fra programnemnda kjem deretter kring 10. desember.
Frist for endringsforslag til dette vert rett over nyttår.
Det endelege valprogrammet skal vedtakast på eit felles programmøte i Jølster årsmøtehelga 2. – 3. februar 2019.
Geir Kjell Andersland er leiar av programnemnda.