Toppkandidatane er klare

Atle Hamar og Gunn Merete Paulsen får dei to øvste plassane på Sunnfjord Venstre si liste til kommunevalet i 2019.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Dette er klart etter at Sunnfjord Venstre har gjennomført første del av nominasjonen.

Arbeidsplassar og samferdsle
Atle Hamar er jølstring og statssekretær i Klima- og Miljødepartementet, og blir ordførarkandidat ved kommunevalet. Målet hans er at Sunnfjord kommune skal vere blant dei mest attraktive bustad- og arbeidskommunane i det nye Vestland fylke.

– Vi skal jobbe godt med å gjere skule og helsetenestene betre, leggje til rette for næringsutvikling og arbeidsplassar og byggje gode kultur- og fritidstilbod. Helse Førde er den største arbeidsplassen vår, og derfor skal vi kjempe for å utvikle spesialhelsetenestene ved Sentralsjukehuset, seier Hamar og held fram:

– Vi har store samferdsleutfordringar i regionen. E 39, Rv 5, Rv 57 og Rv 609 krev mykje og hard jobbing regionalt og nasjonalt om vi skal nå fram. Sunnfjord Venstre kjempar for desse vegane.

– Auka folketal
Gunn Merete Paulsen kjem frå Davik, men har budd i Førde sidan 2007. Ho jobbar som direktør i Lotteri- og stiftelsestilsynet, og sit i dag i bystyret i Førde kommune og i fellesnemnda for nye Sunnfjord kommune.

– Eg trivst med å vere politikar og har stor tru på at vi saman vil kunne utvikle Sunnfjord kommune til eit tydeleg kraftsenter. Eg trur på samarbeid og meiner det er viktig å ha eit politisk klima som oppmuntrar til nettopp det

– Målet på om vi lukkast framover er om vi får auka folketalsutvikling i kommunen. Dette handlar om mange ting, men eg vil særleg peike på at vi skal ha barnehagar og skular som er blant dei beste i landet, og at vi skal vidareutvikle «fem-minutts samfunnet», det vil seie fem minutt mellom jobb, skule, barnehage og heim. I tillegg må vi ha ein variert bustad- og arbeidsmarknad, og dyrke merkevara Bygdebyen Førde, seier Paulsen.

– Naturleg førsteval
Sunnfjord Venstre gjennomførte første delen av nominasjonen søndag 28. oktober. Eivind Husabø, leiar i nominasjonsnemnda, er godt fornøgd med å ha fått på plass to gode kandidatar på topp av lista.

– Atle Hamar var eit naturleg fyrsteval som ordførarkandidat. Han har lang og brei politisk erfaring frå både lokalpolitikk og på nasjonalt nivå, og har ambisjonar på vegne av den nye kommunen innan mellom anna næring, samferdsle, utdanning og landbruk. Og ikkje minst er han ei viktig røyst inn mot det nasjonale nivået i norsk politikk, fortel Eivind Husabø.

– Vi er glad for å fått Gunn Merete Paulsen på andreplass på lista. Ho er eit politisk arbeidsjern med høg motivasjon for å delta og påverke. I nye Sunnfjord kommune treng vi politikarar med evne til å tenke fleire tankar samtidig, sjå dei store samanhengane og ikkje minst vere samarbeidsvillige, fleksible og strategiske. Dette er eigenskapar Gunn Merete Paulsen har, seier leiaren i nominasjonsnemnda i Sunnfjord Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**