Det seier Statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet etter å ha besøkt Selje og Stadlandet saman med Venstre-folk frå Eid og Selje. Han varsla også ei kraftig opptrapping av løyvingane frå Noreg til å rydde verdshava for plast.
Atle Hamar og lokale Venstre-folk besøkte Ervik Havfiske, det største linebåtreiarlaget i verda med omsetnad på nær 1 milliard kroner og til saman ca 500 personar sysselsette på sjø og land. Ervik Havfiske satsar målretta på å bruke lokale leverandørar, ta inn lærlingar og ha høg standard på miljø og bærekraft.
Atle Hamar besøkte deretter Hoddevika på Stadlandet. Her fekk han informasjon frå grunneigarar om utfordringane med forvalting av det særprega landskapsområdet i Hoddevika. Statssekretæren fekk også omvising i «Tavaha-løa» i Hoddevika, der surfe-miljøet gjennom organisasjonen Nordic Ocean Watch i mange år har rydda og samla plast frå strendene, og bygd opp eit visnings-senter for å lære folk om marin forsøpling.
– Det står stor respekt av det arbeidet surfe-miljøet har lagt ned både for å rydde strendene for plast-avfall, og løfte fram i lyset kor omfattande plast-problemet er, seier Atle Hamar. – Venstre har vore ein pådrivar for å trappe opp innsatsen mot plast i havet både nasjonalt og internasjonalt, og vil styrke denne innsatsen ytterlegare i neste års statsbudsjett.
Atle Hamar var også med på kafé-møte i Selje i regi av Stad Venstre, med distriktspolitikk som tema. Hamar er leiar av Venstre sitt nye Distriktspolitiske Utval.
Kontaktinformasjon:
Statssekretær Atle Hamar, mobiltlf 992 84 300.
Alfred Bjørlo (ordførar i Eid og ordførarkandidat for Stad Venstre), mobiltlf 480 82 652.