Nominasjonsnemnda for Vestland Venstre

Sfj Venstre

9. september neste år er det kommune- og fylkestingval. Då skal innbyggjarane i det nye storfylket velje 65 representantar til det nye fylkestinget. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har føreslått at valet i 2019 vert gjennomført som om fylkessamanslåinga allereie har funne stad. Hordaland Venstre og Sogn og Fjordane Venstre har derfor lenge arbeidd med å stille felles liste føre valet neste år, sjølv om vi formelt sett ikkje vert eitt samla fylkeslag før 1.1.2020.

Den felles nominasjonsnemnda for Sogn og Fjordane Venstre og Hordaland Venstre er samansett slik:

Medlemmene i nominasjonsnemnda frå Sogn og Fjordane Venstre er:

  1. Gunvald Ludvigsen, Eid
  2. Vigdis Tonning, Jølster
  3. Eva Ramstad, Sogndal
  4. Marit Barsnes Krogsæter, Flora
  5. Unge Venstre: Anne Kristin Sundal

Medlemmene i nominasjonsnemnda frå Hordaland Venstre er:

  1. Peder Lofnes Hauge, Bergen
  2. Ingebjørg Winjum, Granvin (Voss)
  3. Synnøve Handeland, Kvinnherad
  4. Kjersti I. Vevatne, Venstrekvinnelaget
  5. Unge Venstre: Naomi Ghebiregzabher

Peder Lofnes Hauge er konstituert som leiar av nemnda (bildet).

Spørsmål til nemnda kan rettast til Peder Lofnes Hauge, [email protected]

—————————————

Listeframlegget vil gjerast offentleg i slutten av oktober, to veker før det felles nominasjonsmøtet for Vestland Venstre som finn stad på Thon Hotel Førde laurdag 10. november.

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**