Regjeringa har ikkje konkludert på framtidig passtruktur enno. Så når Jenny Klinge skriv i torsdagens Rjukan Arbeiderblad at regjeringa meiner det eine og andre, så stemmer ikkje det. Ei avklaring kjem i løpet av hausten. Telemark Venstre jobbar sjølvsagt for å fremje vårt syn inn mot regjeringa.
Å oppretthalde denne tenesta på absolutt alle lensmannskontor, slik Sp vil, vil diverre vere uansvarleg. Noreg har fått saftig internasjonal kritikk fordi me har for dårleg tryggleiksnivå rundt passa våre. Det kan føre til ID-tjuveri, illegal innvandring og er generelt til størst nytte for kriminelle. Difor skal regjeringa ruste opp kraftig tryggleiken og rutinane rundt pass. Det krev store investeringar, og eit minimum av passproduksjon på kvart gjenverande kontor.
Ei viss endring i struktur er difor fornuftig. Men det er viktig å ha med seg distriktsperspektivet og at tenester må vere innan rimeleg avstand for folk. Difor ynskjer me passfunksjon på fire stader i Telemark: Skien, Kragerø, Notodden og Åmot, slik at folk kan få pass innen rimeleg avstand i heile fylket. Her har me i Telemark Venstre eit klårt standpunkt, og me jobbar for å påverke regjeringa—i staden for å skrike på utsida, slik Sp gjer.
Marius Skeie
Nestleiar i Telemark Venstre