Eid-ordførar Alfred Bjørlo drog i gong debatten på lokalpolitisk nettverk i Molde laurdag 29. september.
Nestleiar Tove N. Rokstad starta møtet med inspirasjon til listestilling for kommunevalet neste år. -Dette er viktig for å vere eit landsdekkande parti og gir velgarane moglegheit til å stemme Venstre, poengterte Rokstad.
Bjørlo tok så over stafettpinnen med “nabosjekken” der han fortalte om Venstre i Eid og i Sogn og Fjordane. -Venstresympatisørar er samfunnsengasjerte men ikkje nødvendigvis mest oppteken av regionsreforma, fastslo Bjørlo.
Etter lunsj tok Toivo Brennløkken og Kristian Stråmyr ein gjennomgang av regionssamlingane som blei arrangert i juni. Dette var ei desentralisert utgåve av lokalpolitisk nettverk der fylkesstyret og VHO møtte lokale tillitsvalde i dei fire regionane i fylket. Det kom positive og konstruktive tilbakemeldingar på dette initiativet.
Høgdepunktet var den politiske debatten som Bjørlo innleia. Temaet var “Trenger vi Venstre i Møre og Romsdal, og trenger vi Venstre nasjonalt?”, altså distriktspolitikk. -Dei beste løysingane for folk finn vi lokalt, og mange store samfunnsendringar byrjar i det små. Vi må kreve vår sjølvsagte plass i framtids-Noreg, konkluderte Bjørlo.