– No skal fylket kutte bruk av plast

Foto: Jostein Vedvik

– Kampen mot plastureining av havet er ei av vår tids viktigaste miljøsaker. Venstre er svært glade for at Sogn og Fjordane fylkeskommune no blir med på dugnaden for å kutte i plastbruken.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Det seier Venstres gruppeleiar på Fylkestinget, Gunhild Berge Stang, etter at Venstre og Høgre har fått Fylkesutvalet med seg på å stille krav om kutt i bruk av plast og unødvendig emballasje i fylkeskommunale innkjøp. Kravet om kutt i plastbruk blir no tatt inn i innkjøpsstrategien til fylkeskommunen, som skal vedtakast endeleg av fylkestinget i oktober.

 

– Sogn og Fjordane fylkeskommune er ein svært stor innkjøpar, som årleg kjøper varer og tenester for over 750 millionar kroner frå over 3000 ulike leverandørar. Det at store innkjøparar som fylkeskommunen no stiller klare krav om kutt i bruk av plast, er viktig for å utvikle plastfrie løysingar, og gjer det lettare for andre å stille same krav, seier Gunhild Berge Stang.

 

– Venstre vil følgje opp saka om kutt i plastbruk i Fylkestinget i oktober, og også ta saka med oss inn i nye Vestland fylke, seier Gunhild Berge Stang.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**