SAKER:
Nominasjonsnemnda, med Åge Fjermestad som leiar, møtast
Torsdag 30. august kl 1800 ved ”Bjørnsen-hjørnet” på Bryne torg.
Nokon frå Time Venstre som kan tenkja seg å vera med ? Gjert har meir informasjon.
Interesserte melder frå til Gjert.
Venstre sentralt har sett ned prinsipp-programkomite med Iselin som leiar.
Utkast vert truleg sendt til lokallaga til innspel og drøfting.
Prinsipp-program vert lagt fram på landsmøte til endeleg godkjenning og
vedtak.
Styret legg opp til gruppemøte måndag i vekene då det er enten møte i kommunestyret eller i levekår.
Møteplan hausten 18 ser difor slik ut; møta er i kantina i kjellaren på rådhuset og byrjar kl 1900 om ikkje anna er avtala.
Måndag 27. august: Gruppemøte før levekår + styremøte
Torsdag 30. august: Møte i nominasjonsnemnd kl 1800
Måndag 17. september: Gruppemøte før kommunestyre
Måndag 22. oktober:Gruppemøte før levekår
Måndag 29. oktober: Gruppemøte før kommunestyre
Måndag 12. november: Gruppemøte før levekår
Måndag 10. desember: Gruppemøte før kommunestyre
Onsdag 12. desember: Årsmøte og nominasjonsmøte
Før styremøtet kl 2015 drøfta vi saker som skulle opp i levekår. Bjarte gjekk gjennom sakene og fekk med seg synspunkt og meiningar frå oss andre. Vi drøfta m.a. kandidatar til ulike prisar som skulle delast ut; stipend, innsats, kulturpris.
Kvernaland, den 29. august 2018
Knut Norddal
Sekretær / referent