Ordførar i Granvin og fylkesstyremedlem i Hordaland Venstre, Ingebjørg Winjum skriv følgjande i Nationen 22. august:
Kommunereforma er stadig på dagsorden i media, ofte med eit negativt fokus.
Undersøkingar viser som motstandarar av kommunereforma påpeikar, at innbyggjarane i små kommunar er mest nøgde med dei kommunale tenestene. Eg er likevel usikker på i kva grad små kommunar vil greia å halda oppe og utvikla tenestetilbodet i takt med tida, og kunna makta dei utfordringar ein veit kjem i kommunesektoren i framtida.
Kommunane si rolle har gradvis endra seg siste tiåra. Frå å ha ansvar for eit fåtal tenester, har kommunen idag ansvar for eit omfattande tenestetilbod til innbyggjarane. I tillegg er kommunen også lovforvaltar, samfunnsutviklar og arbeidsgjevar for ein stor arbeidsstokk, og han har også ein viktig rolle som demokratisk arena. For å fylla desse rollane krevst det brei kompetanse på alle fagområde.
Når motstandarar av kommunereforma uttalar seg, synest eg dei i liten grad tek inn over seg utfordringane som vil møta kommunesektoren. Det vert ofte eit einsidig fokus på dei negative sidene ved å slå seg saman – og dei finst sjølvsagt. Men det vert sjeldan sagt noko om korleis dei ser for seg at små kommunar skal løysa desse utfordringane, som til dømes lågare inntekter til det offentlege grunna reduksjon og avvikling av oljesektoren. Korleis møta den store auken i talet på eldre? Korleis ha nok kompetanse til å utvikla dei kommunale tenestene digitalt og teknologisk? Framtidsutsiktene er meir ekstremver. Korleis sikra seg mot dette, og ha ein god nok kriseberedskap. Dette er av dei utfordringar kommunane vil måtta løysa enten dei er små eller store. Då trengst det solide fagmiljø med brei fagkunnskap.
Sjølv om også små kommunar har godt kvalifiserte fagfolk, har desse ofte ansvaret for eit stort fagområde åleine. Det er ein situasjon som er sårbar ved sjukdom, feriar og permisjonar, i tillegg til at det er svært krevande å halda seg oppdatert på fagfelt som femner vidt. Realiteten i dag er at fagfolk gjerne søkjer mot større fagmiljø, og det vert lett rekrutteringsvanskar der fagmiljøa er små.
Kommunen vår er i ferd med å slå seg saman med nabokommunen som er om lag fjorten gonger større i folketal. Eg kjenner på skepsisen. Likevel tenkjer eg at det å bli del av ei større eining er det mest framtidsretta.