LESARINNLEGG: Meiningane om Førde sentrum er mange, og debatten til tider ganske så høglydt. Kva skal til for å gjere sentrum meir attraktivt og kva motverkar dette? Kva og kven skal få mest plass i sentrum? Bilen? Butikkane? Opplevingar? Folk? Desse spørsmåla har blitt meir aktuelle i høve den nye sentrumsstrategien for Førde, og det blir garantert nye bølgjer i debatten under og etter folkemøtet som kommunen inviterer til den 27. august.
Eg er ein av dei som vart glad og opprømt då eg las og såg den nye sentrumsstrategien for Førde. For det første er eg glad for at vi endeleg får ein overordna plan som skal gje retning i sentrumsutviklinga fram mot 2030. Dette er noko Venstre i Førde har etterlyst lenge, fordi utviklinga av Førde sentrum har mykje å seie for utviklinga til heile regionen og for nye Sunnfjord kommune.
Stadig fleire av oss ønskjer å bu urbant eller nær ein urban stad. Og ikkje minst er nærleiken til ein by eller tettstad viktig for busetjinga i bygder og grender i området rundt. Førde sentrum med alle sine arbeidsplassar, butikkar, sosiale møtestader, opplevingar og aktivitetar er viktig for dei som vil bu både i Førde, Naustdal, Bygstad, Skei, Sande, Vassenden, Viksdalen, Vevring og Haukedalen. På denne måten er styrking av Førde sentrum og andre småbyar og tettstadar i landet god distriktspolitikk, og med å demme opp for flyttinga til større byar.
Distriktssenteret publiserte i vår ein rapport som tok føre seg seks utvalde stader i landet, Fagernes, Holmestrand, Egersund, Ulsteinvik, Levanger og Hammerfest, og arbeidet deira med å utvikle attraktive og bærekraftige småbyar og regionar. Felles for desse seks stadane er at alle har vore finalistar for å få prisen Attraktiv stad/Attraktiv by som blir delt ut av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
I arbeidet med rapporten legg ein til grunn tre nasjonale forventningar for framtida. Den første er at bilen si stordomstid er over. Den andre er at stadig fleire ønskjer ein urban livsstil. Den tredje at kommunane og planleggjarane ikkje berre skal levere tenester, men også vere aktivt deltakande i utviklinga – gjennom samordning, heilskapstenking og partnarskap med ulike private og offentlege aktørar. Eg meiner at forslaget til sentrumsstrategi for Førde som no ligg på bordet tek opp i seg alle desse dimensjonane på ein god måte.
Når politikarane til hausten skal gjere vedtak av sentrumsstrategien, av konkrete tiltak knytt til strategien og ikkje minst etterleve den i planarbeidet i framtida må vi søkje løysingar som tek ulike omsyn og våge å ta nokre tøffe val. Forslaget til sentrumsstrategi peikar på viktige grep som kan gjere sentrum meir attraktivt, slik som grøntareal, bruk av arealet ved elva, aktive butikkfasadar, gode byrom, møteplassar og tydelege gatestrukturar. Strategien peikar også på tilrettelegging for meir bustadar – spesielt for unge og studentar, endring av parkeringsmønster, arkitektonisk kvalitet, utvikling av kollektivsentralen, betre trafikkavvikling og normer for byggjehøgder.
Eg meiner vi er på god veg til å utvikle eit meir attraktivt sentrum i Førde, med tanke på arkitektur, tilrettelegging langs Jølstra, nye byrom og møtestader, og tiltak i Førdepakken som vil gje betre forhold for gåande, syklande og bilistar. Samtidig har vi ein veg å gå når det gjeld opning av butikkfasadane, spesielt i handelshusa. Vi må òg gjere areala langs elva og fjorden og dei eksisterande grøntareala i Førde meir attraktive og levande, ta vare på og aktivt nytte kulturminne og historiske minnesmerke og skape fleire opne byrom og møteplassar der ein kan møtast til aktivitetar eller ein god prat. Vi må heie fram gode bustadprosjekt med husvære i alle prisgrupper og utvikle kollektivtilboda både i sentrum og til og frå Førde. Sist, men ikkje minst, er bilparkering eit tema vi må tore å ta i. Vi må jobbe vidare for å redusere bilismen og fleire bilar må vekk frå gatene og under jorda eller inn i parkeringshus.
Eg tør påstå at Førde har alle føresetnader for å lykkast – om befolkninga, næringsliv, det offentlege og politikarar samlar seg om felles strategiar og mål. Sentrumsstrategien vil ikkje ha juridisk kraft, men peike ut overordna mål som kan etterlevast i andre planar, anten dei er offentlege eller i privat regi. Eg trur både Førde sentrum og heile regionen vil vekse og utvikle seg fordi vi har eit sterkt og utviklingsorientert næringsliv, ein vital handelsstand, eit variert arbeidsliv og gode buforhold. Vi har også dyktige og visjonære politikarar, og eg håpar kommunevalet 2019 vil gje oss politikarar som heiar på nye Sunnfjord kommune og ser den krafta vi kan få ved å satse på både Førdebyen og bygdene rundt.
Åge Avedal
Leiar i Sunnfjord Venstre