-Besøket i Sogndal har vist kva vi kan få til, når fleire aktørar samarbeider godt. Det sa Venstres forskings- og høgare utdanningsministar, Iselin Nybø, etter ein innhaldsrik dag på Fosshaugane campus.
I Sogndal møtte statsråden høgskule-leiinga og eit utval faggrupper, Vestlandsforsking, prosjektet Vitensenter Sogn og Fjordane, Sogndal kommune og teknologi-verksemdene nLink og Rocketfarm.
Eit besøk i Kyrkjebakken barnehage blei det også tid til. Her fekk statsråden orientering om korleis barnehagane i regionen dreg nytte av samarbeidet med høgskulen, og tilgangen på kompetanse som utdanninga og gode søkartal gjev.
-Eg er glad for å høyre at høgskulen, kommunen og fylket er aktivt på i å utvikle både forskings-, utdannings- og praksisfeltet. Og eg opplever verkeleg at FoU-, næringsmiljøa og kommunen er seg bevisste på den gjensidige betydninga av kompetanse, og på korleis ein best kan stå saman om å utvikle og gjere seg nytte av dette, sa statsråd Iselin Nybø. Ho rosa initiativa til å bygge den nye sentrumsbarnehagen i Sogndal som ein utdanningsbarnehage, og planane for Vitensenter og eit nasjonalt senter for klimatilpassing. Dette er alle saker som Venstre lokalt støttar opp om, og vil følgje opp.
Besøket blei avslutta med medlemsmøte for lokale venstremedlemmer.