Møt Kulturministeren!

Kulturminister Trine Skei Grande opnar årets Førdefestival, og fredag 6. juli kl. 14.00 – 15.30 kan du møte ho på Pikant i Førde.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**


Det er Sunnfjord Venstre som står bak det opne møtet, og oppmodar alle som vil møte eller komme med innspel til Kulturministeren om å komme.

– Trine er veldig opptatt av å møte flest mogleg og å høyre kva folk er opptatt av. Vi er glad for å ha fått til dette opne møtet, seier Åge Avedal, leiar i Sunnfjord Venstre.

Nynorskens hus
Sunnfjord Venstre har invitert Arve Sandal, prosjektleiar for Nynorskens Hus i Førde, spesielt til møtet for å fortelje om planane om å samle dei nynorske mediemiljøa i Førde.

– Førde har ein unik posisjon som nynorskhovudstaden, og ei samling av nynorskmiljøa vil kunne gje oss ei endå tydelegare rolle og vil vere med å styrke nynorsken. Skal vi få realisert Nynorskens Hus er støtta frå regjeringa og kulturministeren viktig, seier Åge Avedal.

Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane Fylkeskommune, er også invitert til møtet for å innleie om Førde som hovudsete for kulturavdelinga i nye Vestland fylke, og kva moglegheiter som ligg i dette.

– Eg håpar mange møter fram på Pikant, og veit at Trine gjerne vil lytte til både dei som vil komme med innspel til kulturpolitikken og innan andre område, avsluttar leiaren i Sunnfjord Venstre.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**