Terje Breivik i Sogn

– Kjekt å høyre om og sjå det gode drivet i Sogn, sa parlamentarisk leiar i Venstre, Terje Breivik, etter besøk i Leikanger og Sogndal, 30.mai.

Breivik kom til Sogn etter besøk i Eid og Stryn. I Leikanger møtte Breivik leiarar ved ei rekkje av dei statlege verksemdene som er lokaliserte i Leikanger, og fylkesordførar Jenny Følling. – Omstilling og regionaliseringsprosessar pregar det offentlege. For Leikanger og Nye Sogndal Venstre var det viktig å få vist fram mangfaldet i det offentlege forvaltningsmiljøet som er lokalisert her, og korleis regionale og nasjonale oppgåver skal løysast godt frå Nye Sogndal kommune, også framover, seier varaordførar for Venstre i Leikanger, Trude Risnes.

I løpet av besøket møtte Breivik også Vestlandsforsking, som orienterte om planane for eit nasjonalt senter for klimatilpassing. Venstre-toppen fekk også siste status og orientering om prosjektet Vitensenter Sogn og Fjordane. – Prosjektet er avhengig av å kome innunder den statlege tilskotsordninga for vitensenter, vi er difor godt nøgde med at Venstre inviterer oss inn i slike møte, seier Tor Arne Næss i prosjektgruppa. Vitensenteret i Sogn og Fjordane har planlagt oppstart 1.1.20 og jobbar for statleg tilskot frå same tid. Dette støttar nye Sogndal Venstre fullt opp om.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**