Forskingsministaren til Sogndal

Statsråd Iselin Nybø til Sogndal, regjeringen.no

Torsdag 28. juni kjem forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø til Sogndal, for å sjå korleis forskingsmiljøa jobbar med det grøne skiftet. Ho besøker teknologiverksemdene NLink og Rocketfarm, og skal også høyre om samarbeidet mellom kommunen og høgskulen om lærarutdanningsbarnehage. Etter besøk på campus, deltek statsråden på ope medlemsmøte for Venstre.

Program:
10.30-11.30 Høgskulen på Vestlandet: Orientering om Teknoløft Sogn og Fjordane, arbeidet på Institutt for miljø- og naturvitenskap knytt til klima, miljø og grønt skifte, og prosjekt i lærarutdanninga. Orientering ved HVL og Sogndal kommune om lærarutdanningsbarnehage

11.45-12.30 Besøk på Kyrkjebakken barnehage, knytt til barnehagelærarutdanninga på HVL Campus Sogndal.

13.30-14.30 Vestlandsforsking: Orientering om arbeidet på instituttet knytt til grønt skifte, forskningssamarbeid med næringslivet og digitalisering, og om prosjektet om kunnskapssenter for berekraftig klimatilpassing. Orientering ved Vitensenter Sogn og Fjordane om vitensenterprosjektet.

14.45-15.45 Besøk på bedriftene nLink og Rocketfarm.

16.00 Medlemsmøte for Venstre, på kommunehuset i Sogndal

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**