Venstre sine 10 bod for ein god distriktspolitikk

Det første bodet i Venstre sine distriktspolitiske prinsipp er at "politikk skal ALLTID omhandle heile landet".
Det første bodet i Venstre sine distriktspolitiske prinsipp er at "politikk skal ALLTID omhandle heile landet"., Foto: iStock

Venstre sine 10 bod for ein god distriktspolitikk blei vedtekne på landsstyremøtet i Bergen 23. juni 2018. Dei er interne kjøyrereglar for partiet.

  1. Venstre sin politikk skal ALLTID omhandle heile landet.
  2. Sentralleddet i Venstre skal ALLTID ha tre viktige saker som vil vere til gode for alle distrikt.
  3. Det skal til ei kvar tid vere ei viktig distriktssak i kvar region der Venstre er den viktigaste forkjemparen.
  4. Venstre sine sentrale politikarar skal vere SÆRLEG gode til å framheve sine lokale politikarar og lokale politiske saker – også i riksmedia.
  5. Venstre skal vere best på å vise internasjonalt engasjement lokalt.
  6. Venstre skal vere i førarsetet når det gjeld å legge offentlege arbeidsplassar til distrikta, og ha eit distriktsperspektiv på reformar i offentleg sektor.
  7. Venstre skal vere best på å nytte seg av delingskultur i lokalpolitikken.
  8. Venstre sitt ordførarnettverk SKAL vere synlege og spele ei rolle i den offentlege debatten.
  9. Venstre sine stortingspolitikarar skal vere dei flinkaste til å kome på besøk i distrikta.
  10. God distriktspolitikk er god politikk for landet. Alle Venstre sine politikarar er distriktspolitikarar.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**