Fjord1 fekk Miljøprisen 2018

Fylkesleiar Jan Henrik Nygård og Klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen delte ut Sogn og Fjordane Venstre sin miljøpris til Fjord1., Foto: Bård Mangerøy

Sogn og Fjordane Venstre sin Miljøpris 2018 gjekk til Fjord 1. Grunngjeving frå fylkesstyret er at Fjord1 får prisen for deira synlege bevis på at de satsar på miljøriktige løysingar på skip, og ikkje minst arbeidet med elektrifisering av Anda-Lote og planlagt bygging av utsleppsfrie ferjer og rutegåande båtar. Fjord1 sitt samfunnsansvar påverkar menneska, miljøa og samfunnet rundt oss. Ved å bidra til utvikling, bruk og drift av energivennlege fartøy, bidreg Fjord1 til redusert forureining frå fartøya.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

 

Fjord1 har ei lang historie som starta i desember 1858 som Nordre Bergenhus Dampskibe med dampskipsrutefart. Dette var et pionertiltak i norsk samferdselshistorie, og opptakten til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og deretter Fjord1. Fjord1 viser til fulle at dei framleis har rolla som pioner innan skipsfart. Dei er no størst i landet på ferje og hurtigbåtdrift og dei er leiande på nullutsleppsløysingar. Vi er stolt over å ha hovudkontoret for Fjord 1 i Sogn og Fjordane og vi ser at dei bidreg til et komplett kompetansemiljø i Sogn og Fjordane og Vestlandet slik at Noreg kan gå i front med nullutsleppsløysingar for skipsfart.

Miljøprisen vart delt ut på nettverkssamlinga for Vestland Venstre av klima- og miljøvernminister Ola Elvestuen. Hordaland Venstre delte også ut sin miljøpris gjekk til Eidesvik Offshore ASA for deira banebrytande bruk av batteriteknologi på supplyskip. Eidesvik viser at Noreg og norsk næringsliv definitivt har noko å bidra med i den globale klimakampen.

Vatninspirert vase blåst på stein, laga av glasskunstnar Merete Rein i Aurland

Frå Fjord1 møtte Bjørn Barstad og frå Eidesvik Offshore kom Vermund Hjelland og mottok miljøprisane frå fylkespartia v/leiarane Åsta Årøen og Jan Henrik Nygård.

Vi gratulerer Fjord1 og Eidesvik Offshore med prisane, og set pris på deira gode arbeid for miljøet.

 

Sogn og Fjordane Venstre sin miljøpris var ein vatninspirert vase blåst på stein laga av glaskunstnaren Merete Rein frå Aurland.

Vermund Hjelland fra Eidesvik ASA mottar miljøprisen 2018
Fjord1 v/Bjørn Bråstad og Eidesvik Offshore v/Vermund Hjelland mottek miljøprisar frå fylkeslaga
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**