Temamøte: Skal talast i hel, ikkje tiast

Dagleg leiar i Smiso Telemark, Inger Lise Stølsvik, Foto: Tone Tveit

Skal talast i hel, ikkje tiast

Senter mot incest og seksuelle overgrep vitja Kviteseid med temakveld om oppdaging og førebygging. – Kviteseid

– Det finst fleire definisjonar på seksuelle overgrep. Når me brukar omgrepet seksuelle overgrep femnar det også om incest, valdtekt og andre seksuelle krenkingar, uttala dagleg leiar i Senter mot incest og seksuelle overgrep i Telemark (Smiso), Inger Lise Stølsvik, då ho besøkte Kviteseid for å halde temamøte.

Det var Kviteseid Venstre som inviterte til temamøtet med eit svært viktig innhald, eit møte som skulle samla langt fleire enn dei ni personane som møtte fram den varme sommarkvelden i starten av juni.

Ulike overgrepsformar

Stølsvik fortalde dei frammøtte om ulike eksempel på hendingar dei tilsette på senteret har blitt fortald, både av hendingar som har skjedd i hus og heimar og bilde og filmar spreidd på Internett.

– Overgrep skjer nærare enn du trur. Det kan skje i nabolaget, i speidaren, korpset, fotballen eller på skulen. Statistikken seier at alle kjenner nokon som har blitt utsett for overgrep, med det er ikkje sikkert at dei veit om det, uttala Stølsvik.

Ho snakka vidare om at overgriparane kan vere kven som helst, det er ingen forskjell eller raud tråd. Dei er vanlege menneske, kvinner og menn, uttala Stølsvik.

Nettovergrep

Overgrep på Internett var også eit tema på møtet.

– Nettrelaterte overgrep har blitt eit omfattande problem, og det er ofte slik at desse overgriparane får kontakt med hundre ofre i staden for berre ein. Live-strøyma overgrep på nettet er det siste nye store problemet. På nettet er berre overgriparen eitt tastetrykk unna – og statistikk seier at kvart niande barn har sendt eit nakenbilde via nettet, uttala Stølsvik.

Stølsvik var oppteken av at ein ikkje må slutte å førebyggje, ikkje slutte å snakke om og spørje.

– Det største problemet er at barn ikkje fortel. Me må snakke om temaet. Kunnskap er makt og tausheiten er barns største fiende. Det er lettare å bygge barn enn å reparere vaksne, avslutta Stølsvik.

Artikkel av Tone Tvedt i Vest-Telemark Blad 12. juni 2018.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**