Gode diskusjonar og høgt engasjement på regionssamlingane

Ålesund 5. juni, Arild Terje Antonsen

Møre og Romsdal Venstre arrangerte regionale samlingar i Ålesund, Ulsteinvik, Molde og Kristiansund.

Regionsmøte i Kristiansund 7. juni

Nettverksbygging, erfaringsdeling og politiske diskusjonar stod på agendaen då Venstrelag i Møre og Romsdal var samla til regionale samlingar rundt omkring i heile fylket.

Både nye medlemmar og medlemmar med lang fartstid deltok. Fredrik Carstens fra Venstres hovudorganisasjon gjorde opp status om listestilling på tre av samlingane med unntak av Ulsteinvik der sjølvaste listestillingsgeneral Odd Einar Dørum stilte.

 

August Vonheim heidra av Odd Einar Dørum for mangeårig innsats.

Heider for Venstre-veteran

På samlinga i Ulsteinvik blei August Vonheim heidra med blomar av ordførar Lena Landsverk Sande etter 56 års medlemskap og omkring 40 år som representant i kommunestyret i Vanylven. Også Odd Einar Dørum, med «berre» 55 års medlemskap, heidra Vonheim for mangeårig innsats for Venstre nasjonalt, regionalt og lokalt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**