Årets miljøpris tildelt Eidesvik Offshore ASA

Foto: Bård Mangerøy

Hordaland Venstre deler kvart år ut ein miljøpris i samband med den internasjonale miljødagen 5. juni. I år vedtok styret å gje denne prisen til Eidesvik Offshore ASA på Bømlo for deira banebrytande bruk av batteriteknologi på supplyskip.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen overrekker Hordaland Venstre sin miljøpris for 2018 til Vermund Hjelland fra Eidesvik Offshore ASA

Selskapets «Viking Princess» var i fjor haust det første supplyskipet i verda som erstatta ein tradisjonell generator med batteripakke, og som dermed vart ein ekte hybrid. Eidesvik Offshore har saman med samarbeidspartnarar som Wärtsilä, steg for steg teke i bruk batteriteknologi som del av energiforsyninga om bord på supplyskip. Dei har per i dag hybridløysingar i 4 skip, og er i gang med hybridprosjekt også for skip nr. 5,«Seven Viking».

Hordaland Venstre trur at den banebrytande utviklinga Eidesvik Offshore står for vil ha global betydning, for hybridteknologien i første omgang, men det vil også gjere vegen til 100% batteriløysingar kortare. Eidesvik viser at Noreg og norsk næringsliv definitivt har noko å bidra med i den globale klimakampen.

Viking Princess

Supplyskipet «Viking Princess» har også fått den internasjonale miljøprisen til Offshore Support Journal (OSJ) og «Most Eco Concious Shipping Company 2018» i Clean Energy Awards 2018.

Prisen til Hordaland Venstre er først og fremst heder, ære og positiv omtale, men består også av eit diplom og ei symbolsk gåve. Prisen vart høgtidleg overrekt av Klima- og miljøminister Ola Elvestuen på Venstres lokalpolitiske samling laurdag 23. juni i Bergen. Vermund Hjelland mottok prisen på vegne av Eidesvik ASA.

– Kjekt at Hordaland Venstre ser verdien av vår klima- og miljøsatsing, som no har vore eit kjennemerke for Eidesvik i snart 20 år, sa Hjelland. – Det er viktig at Venstre støttar og fremjar politiske standpunkt som styrkar konkurranseevna til selskap som har eit tydeleg klima- og miljøfokus. Nøkkelen ligg i å få fram så gode insitament og ordningar at det vert lønsamt å velge klima- og miljøvenleg. Slik er det ikkje per i dag, men eg håpar me kjem dit «ein gong».

Kontaktperson Hordaland Venstre: Nestleiar Geir Angeltveit, 404 01 753

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**